Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordhesten og Nordfjordeid

Frå hesteutstillinga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå hesteutstillinga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvart år, den første helga i mai, er det statsutstilling for fjordhest i Øyane på Nordfjordeid. Statsutstillinga vert rekna som det årlege høgdepunktet for fjordhestfolket, og hit kjem oppkjøparar frå heile Skandinavia, Mellom-Europa og Amerika.

Den første kjende hingsteutstillinga i Nordfjord var i Hornindal i 1866. Her vart det halde fem utstillingar, den siste i 1884.

Frå 1886 vart utstillinga flytta til Nordfjordeid, der den har vore sidan. Frå 1900 og fram til 1. verdskrig vart det skipa hesteavlslag i dei fleste bygder i Nordfjord. Fram til 1945 var det hingsteutstillingar i Molde, Nordfjordeid, Bergen og Stavanger. Etter den tid vart Statens hingsteutstilling for fjordhest samla på Nordfjordeid.

Ivar O. Seljeset med hingsten Siljar på fjordhestutstillinga i 1926. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ivar O. Seljeset med hingsten Siljar på fjordhestutstillinga i 1926. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Etter fjordhestens «rennessanse» på 1980-talet, har statsutstillingane på Nordfjordeid samla kring 5000 menneske. Ved utstillingsplassen i Øyane er det bygd stallar og reist eit momument over fjordhesten, laga av Skule Waksvik.

Lang tradisjon

I Eid har det vore lang tradisjon med hestehandel: Kjende hestehandlarar var brørne Anders Lefdal og Simon Lefdal, Olav Lefdal, Rasmus Vedvik og Alf og Ragnvald Humborstad (sjå Anders O. Lefdal - hestehandlar).

Dommarane diskuterer ein av hingstane på utstillinga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dommarane diskuterer ein av hingstane på utstillinga i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå også: Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011