Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordskjell A/S

Fjordskjell A/S i Hennebygda starta i 1986 blåskjelproduksjon og mottak i Hennebygda. Mange i Hennebygda satsa på skjeldyrking, men giftalgar skapte problem, og verksemda gjekk konkurs etter kort tid. For å teste om skjela var giftige, bytta ein kattar som testdyr. Ei stund vart det drive lakseslakting i anlegget.

Etter hundreårsskiftet har ein på nytt fått trua på skjeldyrking som næring i Nordfjord, og det er m.a. sett ut produksjonsanlegg i Eidsfjorden og ved Torheim.

- Sjå elles om blåskjeldyrking under kommunane Gulen, Leikanger og Luster.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011