Hopp til innhold
X
Innhald

Fluor-Lux A/S

Fluor-Lux A/S vart grunnlagt i 1948 på Nordfjordeid under firmanamn Kjøsnes og Sundal AS, med Sigmund Kjøsnes som dagleg leiar.

Firmaet dreiv først ei sportsforretning, men Sigmund Kjøsnes starta etter ei tid produksjon av sjølvlysande fiskereidskap. Dei sjølvlysande eigenskapane i plastmaterialet som han nytta var hans eiga oppfinning. Produksjonen heldt til i Wiese-løa (sjå artikkelen: Storgarden Gjerde) under firmanamnet Fluor Lux AS.

Då Eid kommune etter Kjøsnes si meining ikkje stilte seg velvillige til utviding av Fluor-Lux på Nordfjordeid, flytta han i 1967 produksjonen til det nedlagde Hotell Central i Stryn, og seinare over i kommunale industribygg på Tonningleirane. I Stryn voks Fluor-Lux til ei suksessrik bedrift med 11 tilsette i 2007.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011