Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Eid i tysk fangenskap

under 2. verdskrig:

  • Alf Lillestøl fødd 1882. Kjøpmann og fiskar. Arrestert 10.06.1942, overført Bergen, Ulven, Grini 16.02.1943. Akershus 20.01.1945 og sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
Johannes Løken fødd 1895, kontormann/løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Anders Rafshol fødd 1898, gardbrukar. Arrestert 5.10.1943, overført Vollan 12.10.1943, sett fri 18.10.1944.
  • Ole Brendefur fødd 1899, tannlege/kaptein. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, sett fri 22.07.1944.
  • Rudolf Wilhelm Hansen fødd 1900, - sjå Falne og omkomne frå Eid .
  • Knut A. Moen fødd 1900, kjøpmann og kaptein (elev ved Krigsskulen saman med kong Olav V). Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde, og sat der til freden.
  • Johan A. Hunvik fødd 1904. Bonde. Arrestert 9.06.1942, overført Bergen, Ulven, overført Grini 14.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943. Sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
  • Olav J. Henden fødd 1905, gardbrukar. Arrestert 24.05.1941, overført Bergen 8.07.1941, overført Akershus 19.07.1941, overført Hamburg-Fühlsbuttel, sett fri 15.07.1942.
  • Erling Johnsen fødd 1909. Arrestert 9.09.1942, overført Bergen, overført Åkebergveien 11.09.1942. Ingen fleire opplysningar.
  • Knut Haugland fødd 1910, student. Arrestert og overført Bergen 28.11.1944, overført Espeland 1.12.1944.
  • Peder Haus fødd 1910, telegrafist. Arrestert 2.08. 1940, overført ”Tiranna” 8.04.40, overført Marlag und Milag, overført Oslo, sett fri 12.12.1940.
  • Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

    Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

    • Frank Johnsen fødd 1915, sjåfør. Arrestert 29.11.1944, overført Bergen, Espeland 1.12.1944. Ingen fleire opplysningar.
    • Peder P. Oos fødd 1914, kjøpmann. Arrestert 27.12.1941, overført Falstad, sett fri 22.08.1942.
    • Kåre J. Knævelsrud fødd 1915. Kjøpmann, og flygar under kampane i Valdres i april 1940. Vart såra etter flystyrt. Arrestert 15.11. 1944, overført Bergen og Espeland, Grini 21.12.1945. Sat der til freden.
    • Johan Holst fødd 1917, sjåfør. Arrestert 11.06.1942, overført Bergen, Grini 16.02.1942, overført Sachsenhausen 30.09.1943. Sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
    • Olav Remme fødd 1917, arbeidar. Arrestert 31.04.1944, overført Bergen, Espeland 5.04,1944. Vidare opplysningar manglar.
    • Alf Ingvald Eikaas fødd 1916. Student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.
    • Lars Bjarne Sture fødd 1920. Jusstudent. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Grini 8.1.1944 og sat der til freden.
    • Roald Oos fødd 1921, forretningsmann. Arrestert 27.12.1944, overført Falstad og sett fri 22.08.1942.
    • Sigurd Gillesdal fødd 1923. Gardsarbeidar. Arrestert 12.04.1945, overført Bergen, overført Espeland, og sat der til freden.
    • Anton Rasmussen fødd 1924. Arrestert og overført 09.09.1942 til Bergen. Vidare opplysningar manglar.
    • Olav Torheim fødd 1927, arbeidar. Arrestert 26.02.1945, overført Espeland 19.03.1945 og sat der til freden. – Sjå artikkelen «Opprulling av Milorg» under Krigshistoria i Eid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011