Hopp til innhold
X
Innhald

Folkeskulen i Eid

Hjelle skule vart innvigd i 1925. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Hjelle skule vart innvigd i 1925. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Den første skuleordninga for folkeskule i Eid vart organisert ved den såkalla «skulefundasen» i 1743.

Folkeskulen i Noreg vart organisert først og fremst for å gje ungane eit minstemål av lese- og skrivekunnskap i samband med den kyrkjelege konfirmasjonen. Det var difor sokneprestane som fekk ansvaret for å organisere den første skuleordninga og dele prestegjeldet inn i høvelege krinsar. Dei som vart sette til lærarar, slapp militærteneste som motyting.

Den første profesjonelle lærarutdanninga på Vestlandet kom i 1839, då lærarseminaret på Stord starta. Alt til det første lærarkurset på Stord var det stor søknad frå Eid, og innan få år hadde krinsane i kommunen fått utdanna folk inn i lærarpostane.

Skulehus på Nordfjordeid

Nordfjordeid fekk sitt første faste skulehus kring 1865. Seinare vart det reist eit stort, kombinert skulehus. Både dette og det kombinerte huset for folkehøgskule og kommuneadministrasjon brann ned på 1970-talet. Men alt i 1965 hadde folkeskulen på Nordfjordeid flytta over i nybygg på Myklebust.

Eid ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid ungdomsskule

Eid kommune innførte ungdomsskule i 1974. Den omfatta heile kommunen, og held til i eit bygg på nabotomta til Nordfjordeid skule på Myklebust. Samstundes med innføring av ungdomskule, vart både realskulen og framhaldsskulen lagde ned. Ungdomsskuleborna frå Hennebygda vart overførde frå Gloppen til Eid då vegen Lote-Hennebygda vart opna i 1981. Eid ungdomsskule vart mykje utvida i 2002.

Eid Idrettshus med kunstgrasbana i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Idrettshus med kunstgrasbana i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Idrettshus

vart bygt på nabotomta til Eid ungdomsskule i 1977. Idrettshallen i huset tener som gymnastikksal for skulane i nærleiken. Huset har også symjehall med 25 meters basseng.

Skulane i mindre krinsar:

Hennebygda

fekk første skulehuset i 1867 og nybygg i 1910. Skulekrinsen er lagt ned og sentralisert under Nordfjordeid.

Heggjabygda skule. Foto: NRK.

Heggjabygda skule. Foto: NRK.

Heggjabygda

fekk skulehus ca. 1880 og nytt skulehus kring 1957. Krinsen vart lagt ned 1969 og sentralisert til Hjelle.

Lote

fekk skulehus i 1883. Skulen der vart lagt ned like etter at Lotetunnelen opna i 1966 og skuleborna førde over til sentralskulen på Nordfjordeid.

Nes

fekk skulehus i 1902, men krisen vart sentralisert til Hjelle i 1969.

Stårheim skule,bygd i 1969. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim skule,bygd i 1969. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim

fekk skulehus i 1907. Det vart rive då nytt skulebygg vart bygt i 1969, samstundes som Remmedalen skulekrins vart sentraliert dit. Stårheim skule fekk tilbygg m.a. med ny gymnastikksal tidleg på 1990-talet.

Hjelmelandsdalen

fekk skulehus i 1912, men vart lagt ned og sentralisert til Haugen skule kring 1955.

Hjelmelandsdalen skule vart bygd i 1912, og på dette biletet ser vi det første kullet på nyeskulen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hjelmelandsdalen skule vart bygd i 1912, og på dette biletet ser vi det første kullet på nyeskulen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sudstranda (Holmøyane)

fekk skulehus i 1915, men vart lagt ned og sentralisert til Hjelle i 1969. Sudstranda skulehus låg einbølt til, men plassert slik at det låg «midt mellom» grendene langs Hornindalsvatnet.

Åsebø

fekk skulehus i 1915, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Hjelle på 1950-talet.

Remmedalen

fekk skulehus i 1918, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Stårheim i 1969.

Den tidlegare skulebygningen på Skipenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare skulebygningen på Skipenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Os

fekk skulehus på Skibenes i 1921, men vart lagt ned og sentralisert til Eid skule i 1965 saman med «sørside-krinsane» Hundeide, Sørland og Torheim.

Haugen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haugen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haugen

fekk truleg sitt første skulehus kring 1870, seinare endå eitt, før eit stort skulehus som framleis vert nytta, vart bygt i 1920. Dette huset fekk tilbygg med gymnastikksal i 1959 og har seinare vorte utvida fleire gonger. Hjelmelandsdalen skulekrins vart sentralisert til Haugen kring 1955.

Kjølsdalen

fekk skulehus i 1914. I Kjølsdalen vart det bygd ny sentralskule for krinsane Levdalsbygda, Haus, Kjølsdalen og Reksnes i 1969. Kjølsdalen skule har seinare vorte utvida i 1996. Kjølsdalen gamle skule vart i 1985 teken i bruk som samfunnshus for bygda. Hausten 2012 vedtok Eid kommunestyre at Kjølsdalen skule skal slåast saman med Stårheim skule med Stårheim som skulestad frå 1. august 2013. Men innbyggjarane i Kjølsdalen søkte om, og fekk løyve til å drive skulen vidare som Kjølsdalen Montessoriskule med 31 elevar første skuleåret.

Kjølsdalen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjølsdalen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haus

fekk skulehus kring 1920. Grenda Ervik sokna til skulen på Haus.

Levdalsbygda

fekk skulehus i 1921. Grenda Midthjell sokna til skulen i Levdalsbygda. Etter skulesentraliseringa vart dette huset omgjort til grendahus.

Hjelle skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjelle skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjelle

fekk skulehus i 1925 og nybygg i 1969, då også skulekrinsane Sudstranda og Nes vart sentraliserte dit. Skulehuset har sidan vorte utvida.

Hundeide

fekk skulehus i 1928, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Eid i 1965.

Sørland

fekk skulehus i 1929, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Eid i 1965.

Reksnes

fekk skulehus i 1957. Bygda hadde heilt fram til då hatt omgangsskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.10.2013