Hopp til innhold
X
Innhald

Fonnulukke på Navelsaker

Innbyggjarane i Navelsaker må leve med skred og skredfare. Her forserer Lene Navelsaker eit skred på veg til jobb.

Innbyggjarane i Navelsaker må leve med skred og skredfare. Her forserer Lene Navelsaker eit skred på veg til jobb.

Mange gardstun langs Honndalsvatnet har vore utsette for fonnskadar.

Særleg ille gjekk det 4. juledag 1701 på Innigard på Navelsaker. Det var barnedåp i garden den dagen då fonna gjekk, og sopte tunet bort. 14 menneske omkom. Mange av desse var frå garden Svor i Hornindal.

Mora og dåpsbarnet vart begge berga ved at ho sprang inn i den steinmura røykomnen i stova som ikkje vart sopt med av raset. Det var ei vassdemme i elva ovanfor garden som losna og førte til den store skaden.

Om sommaren er Navelsaker ein idyll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Om sommaren er Navelsaker ein idyll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011