Hopp til innhold
X
Innhald

Forliset med emigrantskipet «Norge»

Ei av dei største sjøulukkene i nordisk historie bar til 28. juni 1904, då det danske utvandrarskipet D/S «Norge» forliste ved sjøklippa Rock All i Atlanterhavet og 635 menneske omkom.

220 nordmenn omkom i forliset. Åtte av desse kom frå Sogn og Fjordane, og fem av desse igjen var foreldre og sysken frå garden Tømmerstøl i den vesle grenda Reksnes i Kjølsdalen skulekrins.

Frakta utvandrarar

Det kombinerte laste- og passasjerskipet D/S «Norge» var på 3.700 dw-tonn og bygd i Glasgow i 1881. I 1889 vart det kjøpt av eit dansk reiarlag og sett inn i utvandrartrafikken mellom Skandinavia og New York.

727 passasjerar

Den 25. juni la D/S «Norge» ut frå Kristiansand etter å ha teke opp passasjerar m.a. i Oslo. Det hadde då eit mannskap på 68 og tilsaman 727 passasjerar ombord - av desse 284 nordmenn, 259 russarar og finnar, 103 svenskar, 72 danskar, 5 amerikanarar, 2 engelskmenn og 2 tyskarar.

Ville vise sjøklippe

Kapteinen ville vise passasjerane den steile sjøklippa Rock All, men navigerte feil. Om morgonen den 28. juni gjekk D/S «Norge» på St. Helen-revet like ved fjellklippa Rock All, og 635 menneske omkom.

Omkomne frå Eid kommune:

  • Gardbrukar Mikkel Pedersen Tømmerstøl fødd 1846 Kjølsdalen
  • ektemaken Anna Tømmerstøl fødd 1843
  • dottera Rasmine Tømmerstøl fødd 1889
  • dottera Anna Martine Tømmerstøl fødd 1886
  • dottera Martha Petra
  • tenestejente Josefine Karoline Jørgensdotter Humborstad fødd 1889, Kjølsdalen.

Omkomne frå Bremanger kommune:

  • Sjømann Mathias Severin Thuesen Vingen (Kalvaag) fødd 1875 Kalvåg
  • ektemaken Martha Petra Mikkelsdotter Thuesen fødd 1879, f. Tømmerstøl,
otter til Mikkel og Anna Tømmerstøl - sjå under Eid ovanfor.

Omkomne frå Luster kommune:

  • Gardbrukardotter Johanne Arnesdotter Kjos fødd 1884, Hafslo.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.11.2008