Hopp til innhold
Bronsefigur frå kokekaret. Foto: Arild Nybø, NRK.
Bronsefigur frå kokekaret. Foto: Arild Nybø, NRK.
X
Innhald

Fornfunna på Myklebust

I åra frå 600 til 1000 e.Kr.f. låg maktsenteret i Nordfjord på Nordfjordeid. Nokre av dei rikaste fornfunna som er gjorde på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid i 1874.

På Myklebust budde småkongen, og her vart han og andre i den mektige ætta gravlagde i store gravhaugar. Funna viser at kvinnene hadde ein høg status i denne ætta.

Sjå også: Myklebust - den eldste storgarden

Rike funn

Utgravinga på Myklebust skjedde i 1874, og vart leia av arkeologen Anders Lorange frå Bergen Muséum. Myklebustfunnet viste seg å verte det rikaste fornfunnet som til då var gjort i Noreg. Gjenstandane skreiv deg frå yngre jernalder og vikingtida. På Myklebust har det lege i alt fem store gravhaugar. Den største av desse ligg i dag like ved europavegen og vert kalla Rundehogjen. Rundehogjen er fire meter høg og har ein diameter på 30 meter. Opphaveleg gjekk det ei fire meter brei grøft kring haugen.

Stort vikingskip i haugen

Rundehogjen viste seg å vere ei brend båtgrav frå slutten av 800-talet. Her vart det funne naglar etter eit skip som har vore 30–34 meter langt, og dermed større enn Gokstadskipet, som er 23,8 meter. Det vart også funne restar etter 44 skjoldbular som hadde hengt på utsida av vikingskipet, og restar etter våpen. Dei brende likrestane etter ein mann på 30-35 år låg i ein prakfull bolle med emaljedekorasjonar. Dei emaljerte hankefesta var forma som mannsfigurar, og inni bollen fann ein restar av spelebrikker og kammar. Bollen stammar truleg frå ei kyrkje i Irland.

Det nye Myklebustskipet

Selskapet Sagastad er etablert for å prøve å realisere eit vikingsenter i Eid. Planen er m.a. å byggje eit skip i full storleik basert på funna frå Rundehogjen. Dei brente restane av skipet i Rundehogjen gir ikkje grunnlag nok til å byggje ein eksakt kopi av Myklebustskipet, som derfor vil bli bygt ut frå estimat gjort på grunnlag av funna og ut frå dagens kunnskap om vikingskip frå denne tida. I 2012 vart eit skip i liten storleik presentert. Heile vikingsenteret er kostnadsrekna til 50 millionar kroner og opnar i 2019.

Kopi av Myklebustskipet. Foto: Stig Indrebø, NRK.

Kopi av Myklebustskipet. Foto: Stig Indrebø, NRK.

Er Rundehogjen ei kongegrav?

Med støtte i Snorre Sturlason sine skrifter om Harald Hårfagre og Ragnvald mørejarl sine herjingar i Fjordane, meiner historikarar å finne haldepunkt for at det var antan kong Audbjørn eller broren kong Vemund som vart gravlagd i Rundehogjen – mest sannsynleg kong Audbjørn. – Les meir om hendingane kring Audbjørn og Vemund i artikkelen: Storfolk på Naustdal. I 1875 vart det i ein annan haug som låg like ved Rundehogjen, og som seinare er fjerna, funne restar etter sverd, økser og andre våpen.

Rundehogjen kan vere ei kongegrav. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rundehogjen kan vere ei kongegrav. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Seks graver i Skjoratippen

Litt lengre aust for Rundehogjen – på den andre sida av europavegen – ligg gravhaugen Skjoratippen der det i 1906 vart reist ein minnestein over funna og utgravingane. Skjoratippen var opphaveleg 32 meter i diameter og 3,8 meter høg. Arkeolog Haakon Shetelig grov ut Skjoratippen i åra 1902–1903 og fann der to kvinnegraver og fire mannsgraver. I gravene vart det m.a. funne restar etter ein båt frå vikingtida, ei mengd våpen og vanlege bruksreiskapar for jordbruk, kjøkenstell og husflid.

I kvinnegravene vart det funne perler og andre smykke. Dei fleste gravene i Skjoratippen stammar frå merovingartida, d.v.s. frå hundreåra før vikingtida.

Myklebust lét til å døy ut som maktsentrum for Nordfjord midt på 900-talet, og Stårheimsætta tok då over høgsetet.

Gjenstandar frå Myklebustfunnet er utstilte på Bergen Muséum, og lokalt har det vorte arbeidd med planar om å reise eit viten- og opplevingssenter over funna om lag 300 meter frå gravhaugane på Myklebust. Senteret får namnet Sagastad, og skal etter planen opne våren 2019. 

Skjoratippen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skjoratippen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Peikarar

Nettstaden til Sagastad

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2018