Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Lefdal

Lefdals pølsefabrikk på Langeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lefdals pølsefabrikk på Langeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders O. Lefdal fødd 1878, og broren Simon var kring 1900 mellom dei store hestehandlarane i Sogn og Fjordane. I 1902 starta Anders også landhandel og slakteri.på Nordfjordeid.

Det starta med hestehandel

I 1906 fekk han skøyte på ein eigedom frå konkursbuet etter handelsmann R. Gjørven, og dreiv firmaet under namnet A.O.Lefdal. Ektemaken Laurentze fødd 1883, stod for drifta av butikken i Eidsgata, og hadde sine daglege gjeremål bak kjøtdisken til ho var over 80 år gamal. I bygget dreiv dottera Sigfrid (Siggen) Lefdals kafé.

Olav A. Lefdal.

Olav A. Lefdal.

Sonen til Anders og Laurentze, Olav A. Lefdal fødd 1908, førde hestehandlartradisjonen vidare, og var saman med sambygdingen Rasmus Vedvik og brørne Alf og Ragnvald Humborstad frå Kjølsdalen dei største i Nordfjord i hestehandlarfaget.

I 1933 kjøpte han ein eigedom på Langeland aust for sentrum. Her bygde han privatbustad, slakteri og pølsefabrikk. I 1941 kjøpte han ein gard i Lien ved Haugen og bygde stor revegard der.

Olav A. Lefdal var far til Aslak Lefdal, som m.a. grunnla Nor-Import i Olden og bygde kai for turistbåtar der. Aslak sine halvbrør Anders Lefdal og Olav O. Lefdal vart også forretningsmenn på Nordfjordeid: I 1984 satsa Anders Lefdal fleire millionar kroner då han bygde ut det som i dag heiter Norsk Fjordhestsenter AS på Nordfjordeid. Han kom etter ei tid opp i økonomiske vanskar og måtte overlate drifta av hestesenteret til ei stifting. Broren Olav O. Lefdal overtok eigedomane på Langeland etter faren og bygde på 1980-talet nytt slakteri for å satse på nisjeproduksjon. Dette er no lagt ned.

Anders Lefdal under ei oppvising i ridehallen på Norsk Fjordhestsenter. Foto: Helge Sunde.

Anders Lefdal under ei oppvising i ridehallen på Norsk Fjordhestsenter. Foto: Helge Sunde.

Allsidig forretningsdrift

Det vart Aslak Lefdal som saman med sonen John Olav Lefdal som bygde ut den mest omfattande forretningsverksemda innan Lefdal-familien:

Aslak starta forretningskarrieren sin som unggut i bestefaren Anders O. Lefdal sin kjøtbutikk i Eidsgata. I 1954 bygde Lefdal-familien ny forretningsgard, og 20 år gamle Aslak var disponent i Lefdal Fryseri og Slakteri AS. I tida før heimefrysarane vart vanlege i alle hushald dreiv Lefdal mellom anna med utleige av 400 fryseboksar til privathushaldningar.

Forretningsbygget som Aslak Lefdal bygde i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Aslak Lefdal bygde i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1970-talet bygde Aslak Lefdal ny forretningsgard i Eidsgata. Her var det matvarebutikk, møbelforretning og kvitevareforretning. Ei tid dreiv han også filial i Svelgen, kantinedrift på Nordfjord sjukehus og Haugen Mat A/S i M. Sture sin tidlegare landhandel på Haugen vest for Nordfjordeid. Han skipa også firmaet Nor-Import AS som dei første åra dreiv distribusjon og sal av grønsaker og frukt.

I 1984 gav Eid kommunestyre Aslak Lefdal einerett på sal av øl over disk for heile kommunen. Dette ølutsalet var lenge det einaste ølutsalet av dette slaget i Nordfjord, og vart ei svært lukratriv forretning for Lefdal. I den tida han dreiv dette private ”ølmonopolet”, gjekk Aslak Lefdal ut av drifta av dei øvrige selskapa. Ein del av overskotet frå ølsalet delte Aslak Lefdal ut til organisasjonar i bygda.

Aslak Lefdal flyttar til Olden

Aslak Lefdal flyttar til Olden

I 1987 overlet kommunestyret eineretten til diskesal av øl til det nyskipa Eid Ølutsal AS. Aslak Lefdal mista dermed ølsalet, men hadde alt sikra seg og gjort avtale med Ringnes Bryggeri om sal av deira øl og mineralvatn i Sogn og Fjordane.

Han kjøpte difor det fråflytta slakterianlegget til Nordfjord Kjøtindustri i Olden, og med firmaet Nor-Import AS starta han stort agentur for øl og mineralvatn i det gamle bygget.

Butikkane på Nordfjordeid vart avvikla, og ei tid freista Lefdal seg med restaurant og drift av ein bowlinghall i bygget ved Eidsgata.

Cruisebåtkaia i Olden. Foto: Olav Jakob Tveit.

Cruisebåtkaia i Olden. Foto: Olav Jakob Tveit.

Første cruiseskipskaia i fylket

I 1992 bygde Lefdal den første kaia i Sogn og Fjordane for turistskip i Olden. Kaia har vore driven av selskapet Nordfjord Service Terminal A/S. Den gamle Olden Mølle like ved vart i kjøpt i 1990, og er ombygd til restaurant og servicebygg for cruisetrafikken. I slakteribygget ligg fleire souvenirbutikkar.

Nor Marine på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nor Marine på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Millionbutikk med 50 tilsette

Nor-Import flytta i 1995 verksemda til nye lokale i Stryn sentrum, og Aslak sin son John Olav er dagleg leiar av verksemda. Selskapet som omset mineralvatn og øl, endra no namnet til NorDrikk AS.

NorDrikk AS har dessutan distribusjon av vin og brennevin frå Haugesund i sør til Sunnmøre i nord for Vinmonopol-selskapet Vectura AS. LefdalGruppen har også skipa selskapa Nor Marine AS og Nor Marine Motorsport AS som m.a. driv import og sal av luksuriøse fritidsbåtar. I Stryn sentrum driv LefdalGruppen eigedomsselskapet Perhusvegen 3 AS. I 2004 kjøpte selskapet Lefdal Eigedom AS det nedlagde VS-slakteriet på Nordfjordeid, og dotterselskapa NorDrikk AS og Nor Marine og Nor Marine Motorsport flytta verksemda dit. Men i 2011 vart Nor Marine Motorsport lagt ned. Samstundes gjekk Nor Marine AS saman med Florø-firmaet Solheim Diesel og etablerte selskapet SD Marine AS, som fører vidare aktivitetane til Nor Marine AS på Nordfjordeid.

NorDrikk held til i dei tidlegare slakterilokala til Vestlandske Salslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NorDrikk held til i dei tidlegare slakterilokala til Vestlandske Salslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudkontoret vart samstundes flytta frå Stryn til Nordfjordeid. Dei deler av slakterianlegget som Lefdal ikkje nyttar sjølv, vert leigde bort mellom anna til Gilde Vest og Felleskjøpet.

Kjøpte verftet på Løkjaneset

I 2005 kjøpte John Olav Lefdal saman med ei gruppe frå Raudeberg i Vågsøy det gamle skipsverftet på Løkja vest for Nordfjordeid (sjå Eid verft) og skipa Nor Marine Stål AS. Anlegget skal byggjast om for stålproduksjon. Lefdal eigde 50 prosent av aksjane i det nye selskapet. Seinare vart Lefdal eineeigar av selskapet.

I 2006 skipa John Olav Lefdal også Nor Marine Industrier AS saman med andre. Verksemda held til på verftet på Løkjaneset og framstiller stålkonstruksjonar til skip, bygg og anlegg. Selskapet Nor Marine Bryggen AS produserer flytebrygger.

I 2005 overtok John Olav Lefdal også det tidlegare Hoddeviks Hotell (sjå Nordfjord Ungdomsheim under Reiselivsbedrifter i Eid), og opna det etter oppussing i 2006 med 40 gjesterom og med namnet Bryggen Hotell Nordfjord.

Selskapa til LefdalGruppen har i 2005 50 tilsette, og ei årleg omsetning på kring 150 millionar kroner.

I 2012 vart fem mål av området på Løkjaneset leigd ut til Nordfjord Betong, som flytta frå Øyane og bygde nytt produksjonsanlegg på Løkjaneset.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.10.2012