Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Sunde

Den første butikken til  R. Sunde vart bygd i 1924. Nybygget tilhøgre er frå 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første butikken til R. Sunde vart bygd i 1924. Nybygget tilhøgre er frå 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ingen familie har sett sterkare preg på forretningslivet på Nordfjordeid enn Sunde-familien. Sidan 1917 har Rasmus og Dagny Sunde og sønene Karl, Ove og Finn bygd opp fire store forretningsbygg på fleire tusen kvadratmeter der det vert selt manufaktur, sko, møblar, teppe og målarvarer.

Først med konfeksjonssaum

Først med konfeksjonssaum

Rasmus Sunde (1891-1963) frå Olden grunnla i 1917 manufakturforretninga R. Sunde på Gjerde på Nordfjordeid. Han hadde tidlegare arbeidd som handelsbetjent ved Eids Handelslag. Etter ein kort periode som handelslagsstyrar på Austlandet kom han tilbake til Nordfjordeid og starta eigen butikk i huset til skreddar Lars Bergset ved Eidsgata. Her var han m.a. den første i Nordfjord som starta sal av ferdigsydde klede – konfeksjonsaum. Han selde også fotoutstyr, musikkinstrument og blomar dei første åra.

I 1924 bygde han og ektemaken Dagny (1909–1989) f. Os, ny, stor forretningsgard for manufaktur og skoutsal like ved Yris Hotell i Eidsgata. I eit anna hus like ved vart det drive møbelforretning. I 1935 vart hovudhuset utvida bakover for å gje plass til møbelavdelinga og lager.

Deling av forretninga

I 1960 bygde firmaet ein stor murgard på andre sida av Eidsgata med forretningslokale og husvære. Denne overtok sonen Karl i 1964 og starta si eiga møbelforretning og fargehandel under firmanamna Karl Sunde Møbler & Utstyr AS og Karl Sunde Fargehandel AS. I 1983 bygde Karl Sunde eit stort forretningsbygg på 1700 kvm på Leirongane på Nordøyrane og flytta møbelforretninga dit, medan fargehandelen heldt fram i bygget ved Eidsgata til også den vart flytta til Nordøyrane i 2003. Omlag halvparten av bygget på Nordøyrane leigde Karl Sunde dei første åra ut til Lagerutsalet (sjå nedanfor).

Møbelforretninga dreiv Karl Sunde saman med sonen Kjell. I 2005 selde dei møbelforretninga på Nordøyrane til Møbelmagasinet på Hareid, eigd av Bjørg og Jarl Andersen. Under nye eigarar fekk denne forretninga namnet Møbelmagasinet Sunde Møbler AS. Karl Sunde sin andre son, Helge Sunde, held fram drifta av Karl Sunde Fargehandel AS. I 2008 la Møbelmagasinet ned drifta på Nordfjordeid, men sonen til Karl Sunde, Kjell Sunde, starta møbelbutikken på nytt i 2009.

I denne bygningen hadde Karl Sunde møbelforretning fram til 1983. No husar den Interoptik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen hadde Karl Sunde møbelforretning fram til 1983. No husar den Interoptik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Filialar i Måløy og Sandane

Medan Karl Sunde starta sitt eige firma på 1960-talet, dreiv to andre brør, Ove Sunde og Finn Sunde, manufaktur- og skoforretningar i det opphavelege forretningsbygget ved Eidsgata. Dette bygget har vorte mykje utvida med tilbygg i 1967, 1981 og 1989.

Etter ei tid delte Finn og Ove forretningsdrifta, slik at Finn og hans familiegrein tok seg av manufakturhandelen og Ove med si familiegrein skoavdelinga. Ove Sunde skipa Skobutikken Sunde AS og har drive denne saman med dottera Margrete. Skobutikken var ei tid tilslutta Falkanger-kjeden før den gjekk inn i Euro Sko-kjeden. I 1987 starta Skobutikken Sunde/Euro Sko filial i Hendenbygget på Sandane.

Finn Sunde har drive manufakturforretninga under det gamle firmanamnet R. Sunde AS saman med borna Frank og Inger Dorthe. I 1986 vart hovudforretninga i Eidsgata tilslutta Cubus-kjeden. I 1986 starta R. Sunde også Cubus-forretning på Sandane, der dei overtok ei manufakturforretning etter Anton Skarstein.

Frå 1983 har møbelforretninga til Sunde, Møbelmagasinet, halde hus på Nordøyrane.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1983 har møbelforretninga til Sunde, Møbelmagasinet, halde hus på Nordøyrane.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lagerutsalet AS

I 1985 starta brørne Ove og Finn Sunde klesbutikken Lagerutsalet i Karl Sunde sin forretningsgard på Nordøyrane. Lagerutsalet starta i 1987 filial i Måløy, styrt av Ove si dotter Lisbet.

Etter nokre år selde Finn Sunde og hans familiegrein seg ut av Lagerutsalet og starta Tekstilutsalet AS i det gamle hovudbygget ved Eidsgata. I 2003 flytta Lagerutsalet over til nybygd forretningsgard like ved COOP Mega i sentrum av tettstaden. Lagerutsalet vert drive av Ove Sunde si dotter Reidun, som eig bygget saman med systera Margrete.

Lagerutsalet  flytta i 2003 til denne forretningsgarden i sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lagerutsalet flytta i 2003 til denne forretningsgarden i sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011