Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Totland

Totlands bokhandel i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totlands bokhandel i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den føretaksame Totland-familien på Bryggja har ætterøtene sine frå garden Berge i Stårheimsdalen.

Medan syskenbarnet Ole M. Totland (sjå Pelsdyrpionér Ole M. Totland) vart ein pionér innan norsk pelsdyravl, reiste brørne Gabriel Totland og Mons Totland til Nordfjordeid og bygde opp kvar sine forretningar. Gabriel Totland starta som dampskipsekspeditør på Nordfjordeid i 1892. Den gongen låg dampskipsekspedisjonen på Skårhaug litt ut med nordsida av Eidsfjorden, der det var bygd kai og pakkhus av Johannes W. Skaarhaug.

I 1899 vart kai og pakkhus rasert av fjordisen, og etter denne hendinga vart det sett fart i planen om å mudre sandøyra og byggje ny kai i Bugen på nordre Osnes. Då Eids Damkipsbryggje AS opna den nye kaia i 1902, vart Gabriel Totland styrar. Sonen Gudmund Totland tok over som ekspeditør i 1942, og hans son Egil har frå kring 1970 vore styrar.

Totland-familien har vore dampskipsekspeditørar i tre generasjonar. Biletet av dampskipskaia er frå 1902.

Totland-familien har vore dampskipsekspeditørar i tre generasjonar. Biletet av dampskipskaia er frå 1902.

Bakeri og landhandel

I 1896 overtok brørne Mons og Gabriel Totland ei forretning i Eidsgata etter bakar Johan Abrahamsen Hundeide. Han hadde drive som bakar på Nordfjordeid sidan 1870-talet, og vart Gabriel Totland sin svigerfar. Då brørne Mons og Gabriel tok over, kalla dei forretninga J. Abrahamsens Eftf. – Bakeri og Conditori, Brødrene Totland. I nabobygget deiv dei vanleg landhandel.

Bokhandel

Då bakar Abrahamsen døydde i 1905, vart bakeriet lagt ned, og Gabriel Totland starta Totlands Bokhandel i dei ledige lokala. Ektemaken Anna var dagleg leiar. I 1929 tok sonen Erling Totland over bokhandelen og styrde den til han døydde i 1954. Nett då var forretninga under ombygging og utviding, og eldste dottera Anny Totland på 19 år fekk den krevjande oppgåva å styre butikken. Ho var styrar fram til broren Gunnar Totland tok over som dagleg leiar i 1963, og han gav roret over til sonen Erling Bjørn Totland i 2001.

I 1976 vart Totlands Bokhandel utvida med eit nybygg. Tidleg på 1950-talet dreiv Totlands Bokhandel også ein liten filial med bokutsal i butikklokala til Johans Lothe på Bryggja.

Tønnefabrikk og sementvarer

I 1902 starta Mons Totland Totlands Tøndefabrik i ein bygning som låg mellom Totland-butikkane i Eidsgata og fjorden. Mons dreiv også landhandelen oppe i gata til kring 1913, og i desse butikklokala, som Totland-folket tok over etter hattemakar Andreas K. Henden, dreiv dottera Magna Totland manufaktur- og hatteforretning heilt fram på 1970-talet. Totlands Tøndefabrik var i drift til fram på 1950-talet. I 1958 starta Mons sin son, Olav Totland, Totlands Sementvarefabrikk AS i desse lokala. Olav hadde også bensinstasjon og drosje, der også ektemaken Aslaug tok sin tørn bak rattet.

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I den tidlegare tønnefabrikken heldt sementvarefabrikken til heilt til den vart flytta til nye lokale i industrifeltet Øyane på 1970-talet. I 1971 starta fabrikken produksjon av ferdigbetong. Olav sin son Rune Totland er, i tillegg til å drive advokatpraksis, dagleg leiar av sementvarefabrikken.

I 2011 vart fabrikken kjøpt av Sunnfjord Betong AS (sjå Førde Sementvarefabrikk AS under Førde kommune) og fekk namnet Nordfjord Betong.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.05.2011