Hopp til innhold
X
Innhald

Første mållaget i Nordfjord

Første mållaget i Nordfjord vart skipa i Kjølsdalen i 1869. Laget vart skipa av den unge læraren Elias Melvær (1848-1924) frå Bulandet i Askvoll.

Laget vart truleg lagt ned like etter at Melvær flytta frå Kjølsdalen i 1871. Nynorske salmar vart innført i kyrkja i Eid i 1906 (Blix-salmane). Nynorsk vart opplæringsmål i folkeskulane 1907, og i forvaltninga 1925.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011