Hopp til innhold
X
Innhald

Fotografane på Nordfjordeid

I dette huset hadde Isak Hellebust atelieret og butikken sin. Foto: Ottar Starheim, NRK

I dette huset hadde Isak Hellebust atelieret og butikken sin. Foto: Ottar Starheim, NRK

Isak Hellebust, sjølvportrett. © Fylkesarkivet.

Isak Hellebust, sjølvportrett. © Fylkesarkivet.

Soldatfotografering

Dei store militærsamlingane på Nordfjordeid var reine Mekka for fotografar, og fram gjennom tidene er det registrert at kring 40 fotografar har freista å gjere seg levebrød på Nordfjordeid, der fotografering av soldatar i lang tid var viktigaste inntektskjelda. Den første var Niels Trost Nielsen som kom frå Ålesund på 1860-talet.

Isak I. Hellebust starta som fotograf på Nordfjordeid i 1885 og dreiv til kring 1930. Han bygde atelier på ein eigedom ved Eidsgata der Annanias Skjerdal og seinare Kristoffer Olsen hadde drive urmarkarforretning.

Andre kjende fotografar var Lars Eriksen Brendefur og Siver S. Sevland. I seinare år har Johan Bakke frå Hjelmelandsdalen og hans etterkomarar drive fotoforretning på Nordfjordeid.

Eitt av mange foto Isak Hellebust tok av militære mannskap. Her er det utmarsj med teltleir.

Eitt av mange foto Isak Hellebust tok av militære mannskap. Her er det utmarsj med teltleir.

Enorm fotosamling sikra

Fotograf Lars Lunde frå Hornindal har gjort eit stort arbeid med å sikre den enorme fotosamlinga etter Isak Hellebust og andre fotografar som m.a. arbeidde på Nordfjordeid. Samlinga til Lunde finst no i fotosamlinga til Fylkesarkivet på Sandane.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011