Hopp til innhold
X
Innhald

Frislid Konfeksjon AS

Frislid-fabrikken i Øyane, bygd i 1972. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frislid-fabrikken i Øyane, bygd i 1972. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frislid Konfeksjonsfabrikk vart skipa i 1946 av Alf Frislid. Hovudprodukta har vore herrekonfeksjon.

Inn i Olden

Frislid bygde produksjonslokale og butikk på til saman 900 kvadratmeter ved Eidsgata i 1948. I 1972 vart fabrikken flytta til nye fabrikklokale på 1000 kvadratmeter i industrifeltet Øyane. Her er fabrikken seinare utvida til nær 5000 kvadratmeter gjennom fleire byggetrinn, og Frislid har hatt opptil 85 tilsette på det meste.

Inn i Olden

Sonen til grunnleggjaren, Jan Martin Frislid, tok over som dagleg leiar i 1975. Då Sunde Konfeksjon (sjå Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero) i Olden gjekk konkurs i 1989, overtok Frislid ei tid aksjemajoriteten i den nystarta verksemda i Olden i ein periode. I 2009 overtok Frislid Konfeksjon AS varemerket til Sunde.

I huset til venstre i Eidsgata heldt Frislid til dei to første åra.

I huset til venstre i Eidsgata heldt Frislid til dei to første åra.

Utflagging

Frå 1990 tok Frislid Konfeksjon til å flagge ut store delar av produksjonen, først til Polen, seinare Tsjekkia. I 2000 selde Jan Martin Frislid konfeksjonsfabrikken til det finske selskapet Turo Tailor, som i 2002 hadde kring 40 tilsette sysselsett på Eid. I 2013 var dette talet redusert til 15. I desember 2013 vart det slutt på all sying av dressar på Nordfjordeid, og fem av dei 15 miste arbeidet. I 2014 selde Jan Martin Frislid aksjane sine i Frislid Industribygg AS i Øyane til Øyane Invest AS.

Fabrikkbygningen som vart reist i 1948. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkbygningen som vart reist i 1948. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Herrebunader

Jan Martin Frislid har sidan starta produksjon av bunader i dei gamle fabrikklokala ved Eidsgata under namnet Frislid Herreekvipering. Etter kvart er herrebunader blitt hovudsatsinga, i 2012 blir det sydd 400 herrebunader av 30 ulike typar. Bunadsproduksjonen har etter kvart blitt ein viktig del av aktiviteten til Frislid Konfeksjon i Øyane.

Dagleg leiar Inge Per Smørdal i Frislid Herreekvipering med herrebunader. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Dagleg leiar Inge Per Smørdal i Frislid Herreekvipering med herrebunader. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.06.2015