Hopp til innhold
X
Innhald

Frislid Konfeksjonsfabrikk

Frislid-fabrikken i Øyane, bygd i 1972. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frislid-fabrikken i Øyane, bygd i 1972. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frislid Konfeksjonsfabrikk vart skipa i 1946 av Alf Frislid. Hovudprodukta har vore herrekonfeksjon.

Inn i Olden

Frislid bygde produksjonslokale og butikk på til saman 900 kvadratmeter ved Eidsgata i 1948. I 1972 vart fabrikken flytta til nye fabrikklokale på 1000 kvadratmeter i industrifeltet Øyane. Her er fabrikken seinare utvida til nær 5000 kvadratmeter gjennom fleire byggetrinn, og Frislid har hatt opptil 85 tilsette på det meste.

Inn i Olden

Sonen til grunnleggjaren, Jan Martin Frislid, tok over som dagleg leiar i 1975. Då Sunde Konfeksjon (sjå Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero) i Olden gjekk konkurs i 1989, overtok Frislid ei tid aksjemajoriteten i den nystarta verksemda i Olden i ein periode. I 2009 overtok Frislid Konfeksjon AS varemerket til Sunde.

I huset til venstre i Eidsgata heldt Frislid til dei to første åra.

I huset til venstre i Eidsgata heldt Frislid til dei to første åra.

Utflagging

Frå 1990 tok Frislid Konfeksjon til å flagge ut store delar av produksjonen, først til Polen, seinare Tsjekkia. I 2000 selde Jan Martin Frislid konfeksjonsfabrikken til det finske selskapet Turo Tailor, som i 2002 har kring 40 tilsette sysselsett på Eid.

Jan Martin Frislid har sidan starta produksjon av bunader i dei gamle fabrikklokala ved Eidsgata.

Fabrikkbygningen som vart reist i 1948. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikkbygningen som vart reist i 1948. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011