Hopp til innhold
X
Innhald

G. Kragseths Handelsskole

G. Kragseths Handelsskole vart skipa i 1932 av Georg Kragseth som dreiv skulen som privatskule i eigne lokale på Mel fram til 1966.

Kragseth var gift med ei kvinne frå Måløy, og i eit års tid før han starta på Nordfjordeid dreiv han ein handelsskule i Måløy. Denne skulen heldt til i eit lite hjørnerom på ca. 30 kvm. i Måløy Meieri sin forretningsgard ved Gate 1 på Midtgård.

I 1966 tok Eid kommune over drifta av G. Kragseths Handelsskole under namnet Eid Handelsskule. Skulen dreiv både halv- og heilsårskurs og hadde opptil 150 elevar i året.

Handelsskulen vart i 1978 slegen saman med Eids Gymnas (sjå Eids gymnas, to-årig) til Eid vidaregåande skule.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.05.2008