Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal brur i Heggjabygda

I gamle dagar var det viktig å verte «godt gifte». Hadde ein utsikter til å finne ei jordajente eller ei gifteklar enkje på brukandre gard, så såg ein heller lett på kor gamal ektemaken var.

Det kunne vere noko slikt som var grunnen då den 40 år gamle Peder Olson Grimslid i 1789 fridde og fekk «ja» frå den 70 år gamle enkja etter Tore Olsen Heggja – Tore-Per som han vart kalla. Ved giftarmålet var Peder eigar av ein skapeleg gard på Heggja.

Men Peder hadde nok ikkje rekna med at enkja Marte skulle verte så seigliva som ho var: Marte Jokumsdotter lei ikkje av før ho var 105 år gamal!

Men Per Olson Grimslid tok då att det forsømde: Då han som 75-åring endeleg vart enkjemann og kunne gifte seg opp att, gifta han seg med Sigrid Jonsdotter Ytrehorn. – Sigrid var då berre vel 30 år gamal - og 40 år yngre enn ektemaken Peder!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.11.2008