Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim

Stårheim på slutten av 1920-talet. I Stårheimsvika var det handel frå 1626.  Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Stårheim på slutten av 1920-talet. I Stårheimsvika var det handel frå 1626. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter som Hjermand, Giertsen, Frimann, Rochlenge, Vidsteen, Gørbitz og Jung Johan. Mange av desse eigarane kom frå innvandra slekter som hadde norsk base i Bergen. I 1709 var det offiseren Erich de Rochlenge (d. 1725) som budde i Stårheimsvik. Han vart 1708 sjef for Nordfiordske og Søndmørske Compagnie. Sonen Martin Jørgen vart også militær og tenestegjorde m.a. i Stryne-kompaniet og Gloppen-kompaniet, men ingen av desse eigarane dreiv handel, sjølv om dei bygde eit stort bustadhus ved stranda i Stårheimsvik.

Handel frå 1726

Handelen kom først i 1726, då Nikolai Jung Johan (1683-1728) overtok og fekk løyve til å drive handel med brennevin, øl og tobakk i Stårheimsvik. Denne Bergens-mannen, som var utdanna gullsmed, budde berre kort tid på Stårheim, og styrte elles handelen frå Bergen. Jung Johan fekk etter kvart økonomiske problem og måtte pantsetje det meste som han eigde - også Stårheimsvik.

Mange eigarskifte

I 1750 overtok Ola Olson Vidsteen handelsstaden og gardsbruket som høyrde til. Garden pakta han bort, medan heldt sjølv til i «Rochlengehuset» nede ved stranda. Her dreiv han handel til han døydde i 1767. Enkja Ingeborg dreiv til 1770, då svigersonen Henrik N. Tonning tok over og dreiv saman med ektemaken Kristine Marie Vidsteen fram til 1782. Då tok sonen deira, Ola Andreas Vidsteen over, men måtte etter kort tid la Stårheimsvik gå til tvangsauksjon. Han makta noko seinare å løyse inn att eigedomen med pengestøtte frå ei velhalden svigermor, og greidde å drive til 1808.

Låg nede frå 1829

Men då gav han opp og selde handelsstaden til Martin Gørbitz, som to år seinare selde vidare til Harald Jonsson. Etter endå eit par eigarskifte, fekk Endre Gulbrandson i 1811 løyve til å drive vertshus og truleg også handel i Stårheimsvik, men frå 1829 til kring 1860 let det til at verksemda i Stårheimsvik låg nede.

Stårheim i 1916. Prospektkort.

Stårheim i 1916. Prospektkort.

Ny handel frå 1860

I 1860 fekk så hordalendingen Holger Oliver Borge handelsløyve i Stårheimsvik. I 1877 selde han eigedomen til Rasmus D. Halvorsen frå Tippa i grannebygda Haugen: Halvorsen bygde opp ei blømande forretning både i Stårheimsvik og i Vågsvåg - sjå: Industri og næring i Vågsøy.

Brennevinssal

Nikolai Jung Johan (sjå ovanfor) er også registrert som handelsmann og brennevinsseljar på garden Starheim på austsida av elva kring år 1700. I 1713 selde han denne til løytnant Hans Poulson Glad, men kjøpte seg tilbake til Stårheim i 1726 og dreiv handel og skjenkestove på Starheim til han døydde i 1728. Også Hans Poulson Glad sin son Johannes Glad dreiv handel på Starheim - truleg fram til han selde huset i 1733. Dette huset låg ved fjæra ca. 100 meter aust for elveosen på Stårheim. Seinare vart huset flytta opp til riksvegen ved kyrkja og nytta til handelen som først vart driven av Lisbeth Hunskår og seinare Birger Sørland. Huset står framleis i noko ombygd form.

I det næraste huset dreiv Lisbeth Hunskår landhandel. Birger Sørland bygdhuset til høgre i 1950 og dreiv forretning der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det næraste huset dreiv Lisbeth Hunskår landhandel. Birger Sørland bygdhuset til høgre i 1950 og dreiv forretning der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om Stårheimsætta

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011