Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle drifte- og ferdslevegar

Frå Lote gjekk krøterdriftene i båt til Ryssfjøra som vi ser på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Lote gjekk krøterdriftene i båt til Ryssfjøra som vi ser på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nokre av dei viktigaste driftevegane som féhandlarane nytta på det nordlege Vestlandet, gjekk gjennom Eid kommune. Gjennom åra har hundrevis av bufé vorte jaga over Lotsskaret på veg mot Sogn og Austlandet.

Heilt fram til 1. verdskrig var det vanleg at féhandlarar, særleg frå Numedal og indre Sogn, kjøpte opp krøter m.a. i Nordfjord og på Sunnmøre som dei dreiv over til Austlandet og selde der, mest som slaktedyr. Dette var ein handel som tok seg opp på 1700-talet og vart halden i hevd heilt fram til mellomkrigstida. I Eid kommune kom krøterdriftene frå Vanylven over fjellet Dua ved Kjølsdalen og gjennom fjellskara mot Stårheimsdalen. Også vegen frå Steinsvika i Dalsfjorden og sør til Stårheim vart nytta. Féhandlarane nytta også vegen over Bjørkedalseidet og frå Hjørungfjorden over Heggjadalen når dei kom med krøterdrifter nordanfrå. Frå Eid vart dyra drivne over Lotsskaret til Lote, der dei vart frakta antan til Hyen eller over til Andabøen/Ryssfjøra på sørsida i båt.

Sunnmørsvarer over Kjølsdalen

I Kjølsdalen lever minne om at folket i Vanylven på Sunnmøre frakta varer over Dua og ned til Kjølsdalen, der dei vart lasta om bord i jekter for vidare transport til marknaden i Bergen. Dette var enklare og mindre fårefullt enn å krysse Stadhavet. Folk frå Vanylven kjøpte også bygningstømmer i Ålfoten og i bygdene kring Svelgen som dei flóta til Kjølsdalen og drog nord om fjellet på vinterføre.

Lote låg sentralt i gamal tid

I den tida då sjøen og fjorden vart viktigaste ferdsleveg, låg ferjebygda Lote lagleg til når ferdafolk reiste inn og ut etter Nordfjorden. På Lote var det skysskifte for rorslaga. Framme på neset Skjera på Lote stod varden ”Kron”; ein låg steinvarde som truleg vart sett opp som seglingsmerke av borgarar som budde på Lote på 1600-talet. På Lote låg det truleg ein militær eksersisplass for Nordfjord-kompaniet på 1600-talet. Her var det tingstad, og den gamle ferdsle- og driftevegen nord om fjellet til Eid gjekk over Lotsskaret. Driftevegen vart heilt fram til kring 1900 nytta av féhandlarar, særleg frå Nummedal , som kjøpte opp krøter på Sunnmøre og Nordfjord og som dreiv dei austover gjennom Gloppen, Sunnfjord og Sogn. Folket på Lote hadde gode ekstrainntekter på å føre dyra – ofte 100 dyr i kvar drift – over til Andabøen på sørsida. Då nytta lotsarane den som vart kalla”storkyrkjebåten”.

Stårheimsvik i 1953. Her var det skysstasjon frå 1648. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Stårheimsvik i 1953. Her var det skysstasjon frå 1648. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Skysstasjonane

Frå 1648 og utover var det offentlege skysstasjonar i Stårheimsvik, Naustdal, Nordfjordeid og på Nor ved vestenden av Hornindalsvatnet. Seinare kom Smørdal i Hjelmelandsdalen til. På skysstasjonane skulle dei såkalla skaffarane syte for hesteskyss eller rorskarar slik at offentlege embetsmenn og geistlege kunne kome fram når dei var på reise i distriktet. Bøndene hadde skyssplikt – d.v.s. at dei skulle arbeide gratis som roarar eller skysskarar når øvrigheita kravde det. Skyssplikta var ei forhatt ordning som varde heilt fram til 1816.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011