Hopp til innhold
X
Innhald

Garden Osnes var eksersisplass

Nordfjordeid ca. 1900 med Osnes på andre sida av elva. Nede ved fjorden ser vi hovudhuset på Gjerde.

Nordfjordeid ca. 1900 med Osnes på andre sida av elva. Nede ved fjorden ser vi hovudhuset på Gjerde.

Garden Osnes, som ligg på nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover, vart kjøpt som sjefsgard i 1792. Men dei militære budde ikkje der. Dei heldt til på gardane Myroldhaug og Myklebust. Osnes pakta dei bort mot part i avling og avdrått.

Plassen

Seinare vart mesteparten av sjefsgarden Osnes lagt ut til eksersisplass, og har sidan på folkemunne vorte kalla «Plassen».

Eigd av naboen

Resten av garden kjøpte eigaren av nabogarden Gjerde, Claus Krohn Wiese. Han bygde eit stort bustadhus på Osnes som seinare vart nytta som offisersmesse og seinare som kontor for Nordfjord Vegkontor.

Huset som Claus Krohn Wiese bygde og som seinare husa Nordfjord Vegkontor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset som Claus Krohn Wiese bygde og som seinare husa Nordfjord Vegkontor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir:

*Eksersisplassen på Nordfjordeid *Storgardane på Nordfjordeid

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011