Hopp til innhold
X
Innhald

Gunvald Ludvigsen

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Gunvald Ludvigsen fødd 1949 i Leirfjord i Nordland, busett på Nordfjordeid. Rådmann, sjukehusdirektør og Venstre-politikar.

Cand. oecon. frå Universitetet i Oslo 1977. Sakshandsamar i Husbanken 1977–1978. Økonomikonsulent og økonomisjef i Levanger kommune 1978–1983. Rådmann i Eid kommune 1983–1990. Banksjef i DnB Nordfjordeid 1990–1993. Direktør ved Nordfjord Sjukehus 1993–2003. Kommunestyremedlem 1991-1995, og frå 1999 også medlem av formannskapet. Ordførar i Eid 2003–2005. Varaordførar 2011-2015.

Stortingsrepresentant 2005-2009.

Ludvigsen har vore leiar for handballgruppa i Eid Idrettslag i 10 år og styremedlem i handballkrinsen i Sogn og Fjordane i tre år.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.09.2011