Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Reinhard Lie

Leikanger Fjord Hotel, bygningen som Lie bygde i 1928. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Fjord Hotel, bygningen som Lie bygde i 1928. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gustav Reinhard Lie (1895-1972) frå Haugen, busett på Leikanger. Hotelleigar.

Kjøpte i 1920 Olsens Hotell på Leikanger i Sogn. Hotellet brann i 1926, og i 1928 hadde Lie bygt nytt, stort hotell med 35 senger. Han dreiv også bakeri.

Hotellet har sidan vore i Lie-slekta si eige under namnet Leikanger Fjord Hotel. Far til Jomar Lie.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2011