Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Holmøy

 Hans Holmøy. Foto: Fylkesarkivet

Hans Holmøy. Foto: Fylkesarkivet

Hans Holmøy (1831-1910), starta i 1858 landets første snikkarskule for gutar – seinare Holmøy Arbeidsskule. Skulen fekk straks etter statsstøtte. Både Hans og broren Oliver var kjende som dugande handverkarar. Hans hadde m.a. ansvaret for snikkararbeidet på nye kyrkjer i Hornindal og Sunnylven, og det var etter oppmoding frå andre bygdefolk at Hans starta arbeidsskulen på heimegarden. Hans Holmøy dyrka farsgarden til eit mønsterbruk der elevane fekk opplæring i gardsdrift. På garden bygde Hans eige skulehus i 1865. Han dreiv skulen fram til sonen Ola H. Holmøy tok over i 1884.

Sentral i kommunedeling

Hans Holmøy stod sentralt i arbeidet for å få skilt ut Hornindal som eigen kommune frå Eid i 1867, og fekk sjølv mange viktige ombod i den nye kommunen. Han var ein sterk talsmann for at det skulle byggjast veg langs sørsida av Hornindalsvatnet.

Angripen av slagbjørn

I 1852 vart Hans Holmøy angripen av ein slagbjørn i utmarka, men berga seg ved å halde fast om tungerota på bjørnen, til broren fekk skote udyret. Hans kom hardt til skade, men overlevde, og episoden skal ha inspirert Adolph Tidemand til å måle det kjende motivet ”Bjørnejegerens hjemkomst”. Bjørneskallen er teken vare på i gardsmusèet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011