Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Myklebust Eftf.

Villaen som børsemakar Myklebust bygde. Gjerdet er laga av børsepiper. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villaen som børsemakar Myklebust bygde. Gjerdet er laga av børsepiper. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hans Myklebust Eftf. sports- og våpenforretning på Nordfjordeid vart grunnlagd i 1895 av børsemarkar Hans Pederson Myklebust (1874–1940).

Myklebust hadde store oppdrag som børsemakar medan det militære heldt til på Nordfjordeid, og bygde m.a. eit fantastisk stakittgjerde av utrangerte børsepiper kring villaeigedomen sin ved Eidsgata. Både huset og den vakre villaen i drakestil er teke vare på av familien, som framleis driv sportsforretning på eigedomen. Ei tid dreiv firmaet og produksjon av vribare propellar.

Annonse i 1960 for ein vribar propell som Hans Myklebust Eftf. produserte.

Annonse i 1960 for ein vribar propell som Hans Myklebust Eftf. produserte.

Første skyttarformannen

Hans Myklebust var den første formannen i Nordfjord Skyttarsamlag frå skipinga i 1907. Etter 2. verdskrig overtok svigersonen, den tidlegare krigsflygaren Kåre Knævelsrud forretninga, og dreiv også ei tid produksjon av vribare propellar til småbåtar etter ein patent utvikla av Per Manseth, sjå denne under Fabrikkar og verkstader i Eid. Sportsbutikken vart kring 2000 overteken av dottera Kari Knævelsrud. Ho la ned butikken i 2008.

Sportsbutikken Myklebust Eftf. er no Intersport-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sportsbutikken Myklebust Eftf. er no Intersport-butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011