Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk som Sogndal-trenar for andre gong frå 2009. Foto: Rune Fossum, NRK.

Harald Aabrekk som Sogndal-trenar for andre gong frå 2009. Foto: Rune Fossum, NRK.

Harald Aabrekk fødd 1956 på Nordfjordeid. Fotballspelar og fotballtrenar.

Han har spelt på Eid og Sogndal og vore trenar for Sandane, Stryn og elitelaga Sogndal, Tromsø og Brann - i det siste laget også spelarutviklar.

Han har også trent Haugesund, og vart i 2005 tilsett som spelarutviklar i eliteserielaget Vålerenga, frå 2007 som trenar. Aabrekk har elles vore spelarutviklar og assisterande trenar for det norske seniorlandslaget, og trenar for U-landslaget.

Hausten 2009 vart han igjen tilsett som trenar for Sogndal Fotball, og hausten etter vann laget 1. divisjon og kvalifiserte seg for eliteserien.

Aabrekk gav seg som Sogndal-trenar etter 2011-sesongen, etter at laget sikra seg plass i eliteserien også i 2012. I 2012 tok han til i ei stilling som talentspeidar i Aalesund FK. Der vart han tilsett som hovudtrenar hausten 2014, men fekk sparken etter få seriekampar våren 2015.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.06.2015