Hopp til innhold
X
Innhald

Haugen Idrettslag

Idrettsanlegget til Haugen Idrettslag på Klenkarberget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Idrettsanlegget til Haugen Idrettslag på Klenkarberget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Idrettslaget Vrangfoss vart skipa på Haugen i 1895 etter opptak frå Jens S. Haugen, som var formann fram til 1908. Laget hadde sitt opphav i eit skyttarlag som kalla seg «Ørnen», som truleg var skipa kring 1893.

Idrettslaget hadde som føremål «at ophjælpe og fremelske alle slags Idræts- og Sportsøvelser, såsom Ski- og Skøiteløb, Gymnastik, Svømming og Lurblæsing (!)». Laget arrangerte kappløp på bygdevegen Naustdal-Stårheim. Laget dreiv turnøving innandørs frå 1916, starta fotballlag i 1920 og bygde idrettsplass i 1921.

I 1932 bytte laget namn til Haugen Idrettslag. I 1945 bygde idrettslaget idrettsbane med fulle mål på Klenkarberget på Haugen.

Magnar Remme og Reidar Bjørhovde er mellom eldsjelene som har lagt ned ein stor innsats for at Harpefossen kan by skientusiastane gode løyper.

Magnar Remme og Reidar Bjørhovde er mellom eldsjelene som har lagt ned ein stor innsats for at Harpefossen kan by skientusiastane gode løyper.

Alpinsenteret på Harpefossen - sjå Nordfjord Skisenter AS - i Hjelmelandsdalen vart bygt av Haugen Idrettslag i 1964. Dette var første alpinbakken i fylket med moderne skitrekk. I 1965 opna Harpefossen Fjellstove, bygd av Kristian Kjørstad. Alpinanlegget er no ein del av Nordfjord Skisenter AS som er eigd av Haugen Idrettslag og Stårheim Idrettslag. Skianlegget på Harpefossen er med åra bygt mykje ut med fleire skitrekk og nedfartsløyper, og har status som fylkesanlegg for alpine greiner. Skisenteret har fleire kilometer preparerte turløyper og skiskyttarstadion. Alle anlegga har flaumlys.

Den mest framståande idrettsutøvaren frå Haugen Idrettslag er alpinisten Marianne Kjørstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011