Hopp til innhold
X
Innhald

Haus Landhandel A/S

Haus med dampskipskaia og landhandelen i 1953. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Haus med dampskipskaia og landhandelen i 1953. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Haus Landhandel A/S på Haus vart grunnlagd i 1927 av Olav Haus, som dreiv dampskipskai, landhandel, pensjonat, post og drosje. Haus var lenge endepunkt for riksvegen langs Nordfjord, og reisande måtte reise vidare vestover frå Haus med båt.

Første Oslo-rutene med bil

Sonen til Olav, Hans Haus, starta dei første ”bilrutene” mellom Nordfjord og Oslo på 1950-talet. Han brukte ein ”folkevognbuss” til leilighetskøyring til hovudstaden opp til eit par gonger i veka. Særleg om sommaren når gamle Strynefjellsvegen var open, var desse Oslo-turane svært populære. Andre drosjesjåførar som dreiv med slike faste drosjeturar til Oslo var m.a. Henden og Blaalid i Måløy og Hagen frå Bryggja. Rutebilselskapa som hadde konsesjon langs riksveg 15, motarbeidde denne drosjetrafikken Nordfjord-Oslo så godt dei kunne. Det hende at drosjebilane vart politimelde for det som busselskapa hevda var ulovleg rutekøyring.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011