Hopp til innhold
X
Innhald

H.D. Aasebø

Aasebøhuset i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aasebøhuset i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

H.D. Aasebø landhandel på Nordfjordeid vart grunnlagd i 1860 av Didrik Aasebø.

Han kom frå garden Åsebø ved Hornindalsvatnet, og var ein av fleire bondesøner som slo seg opp som handlande og bygde store handelshus langs Eidsgata på Nordfjordeid då Wiese- og Boalth-perioden med handel på storgarden Gjerde tok slutt. H.D. Aasebø var ein av medskiparane av Eids Privatbank A/S.

Sonen Hans Aasebø bygde det kjende forretningshuset «Aasebø-huset» med tårn i Eidsgata. Butikken vart driven vidare av sonen til Hans, Dagfinn Aasebø, fram til han vart pensjonist. Etter den tid har butikklokala vorte nytta til ein kombinert gåvebutikk og kaffibar under namner Didriks.

Eidsgata med Aasebø-huset til venstre rundt 1920. Foto: Isak Hellebust.

Eidsgata med Aasebø-huset til venstre rundt 1920. Foto: Isak Hellebust.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011