Hopp til innhold
X
Innhald

Heggen Møbelfabrikk AS

Heggen Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heggen Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heggen Møbelfabrikk AS i Mogrenda vart grunnlagd av Paul S. Heggen i 1909.

Paul S. Heggen kom frå Heggjabygda og fekk leige seg fossekraft i Velemsfossen øvst i Eidselva. Der sette han opp første fabrikkbygningen som var eit hus som han flytta frå Alsaker. Heggen starta produksjon av bygningsartiklar som trapper, dører og vindauge. Han produserte også tønnestavar og fletta bærkorger. Dei første åra hadde han Rasmus Vedvik som kompanjong. Dei første åra var firmanamnet P. S. Heggen.

Første fabrikken til P.S. Heggen. Legg merke til skovlhjulet som sikra drivkraft i fabrikken.

Første fabrikken til P.S. Heggen. Legg merke til skovlhjulet som sikra drivkraft i fabrikken.

Då Eid kommunale elektrisitetsverk bygde kraftstasjon under Kviefossen i 1915, måtte Heggen sin fabrikk flyttast bort frå elvebarden og lengre inn på land der den framleis held til. Møbelfabrikken har vorte utvida fleire gonger og er i 2007 på ca. 3000 kvadratmeter.

På 1950-talet spesialiserte fabrikken seg på produksjon av sofabord. Sønene Arvid og Steffen Heggen overtok som leiarar då Paul døydde i 1949. I 1956 flytta Steffen til Austlandet. Seinare har to av Arvid sine søner, Jarle og Rune, overteke som leiarar av familieverksemda som vart aksjeselskap i 1970. I 2007 arbeidde det 11 personar ved Heggen Møbelfabrikk, men verksemda har vore oppe i 29 tilsette.

Fabrikken vart slegen konkurs i 2009, 100 år etter starten.

Annonse for P. S. Heggen i 1960.

Annonse for P. S. Heggen i 1960.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2011