Hopp til innhold
X
Innhald

Hekseprosessen på Høynes

Høynestunet, måla av Harry Botn.

Høynestunet, måla av Harry Botn.

I 1642 vart Anna Jetmundsdotter Høynes frå Stårheim skulda for å drive trolldom, og ho vart stilt for retten. Det starta med at ho sjølv hadde meldt Oluff Svendsen Degnepold for lekamskrenking i 1642. Ei natt hadde Oluff kome roande til Høynes saman med nokre andre karar. Dei fekk lokka Anna ned til fjøra der Oluff skambanka henne slik at ho miste fleire tenner. Bakgrunnen skulle vere at ho hadde skulda Oluff for å fare med trolldom.

Men då saka kom for retten, vart det Anna som uventa måtte forsvare seg mot skuldingar om at ho dreiv ulovleg som signekone og lækte folk. Anna vart dømd for seks tilfelle der ho skulle ha drive med signeri på folk ute ved kysten. Ho vart dømd til landsforvising på livstid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011