Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Eid

Nordfjord sjukehus har sidan 1936 vore ein viktig institusjon for heile Nordfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord sjukehus har sidan 1936 vore ein viktig institusjon for heile Nordfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygdedokteren på Tømmerstøl

Først i 1866 vart Nordfjord delt i tre legedistrikt, og langt inn på 1900-talet måtte fleire kommunar i Nordfjord dele på den eine distriktslegen. Fram til dess vart bygdedokterane flittig brukt.

Distriktslegane i Eid

I 1802 vart Chr. Bonning Uchermann tilsett som den første distriktslegen i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Faleide i Stryn.

Mange spedalske på Torheim

Fram til bergenslegen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873, var spillsykja - spedalskheit - den store folkepesten på Vestlandet. I europeisk målestokk var Vestlandet spesielt hardt råka, og gamal overtru meinte det m.a. kunne ha samanheng med klimaet. Armauer Hansen prova at spillsykja var smittsam.

Også i midtre Nordfjord døydde mange av spillsykja. Særleg ille råka sjukdomen ein huslyd i den vesle bygda Torheim. Frå 1838 til 1866 døydde det to vaksne og to born frå same gard av sjukdomen.

Sjå også: Spedalsksjuka - lepra.

Nordfjord Sjukehus

vart teke i bruk i 1936 med 40 senger. Sjukehuset vart i hovudsak bygd med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer.

Eid Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alders- og omsorgsbustader i Eid

Den første aldersheimen vart bygd på prestegarden Mel i 1934.

Eid tidleg ute med skuletannrøkt

På slutten av 40-talet sytte tannlege John Myklebust for at Eid fekk skuletannrøkt. Systera hans var den første tannlegen i Eid.

Nordfjord Psykiatrisenter

- sjå Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 07.06.2011