Hopp til innhold
X
Innhald

Hennebygda Fruktlager

Hennebygda Fruktlager vart reist av bygdefolket i 1952 og vart den gongen rekna som eit banebrytande tiltak innan fruktdyrkinga, også i nasjonal målestokk.

Landbruksministeren var til stades på opningsfesten. I 1967 overtok Gartnerhallen fruktlageret, og etter at Gartnerhallen trekte seg ut har kjøleanlegga i huset vorte nytta som bærlager. Deler av bygget har lenge vorte nytta som samfunnshus av bygdefolket, og i 2006 overtok bygda heile bygningsmassen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008