Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Halse

Skulebygningen på Mel er mellom bygningane Henrik Halse har reist. Flyfoto frå Johan Ottesend arkiv.

Skulebygningen på Mel er mellom bygningane Henrik Halse har reist. Flyfoto frå Johan Ottesend arkiv.

Henrik Halse frå Stårheim starta byggmeisterforretning ca. 1920 og dreiv til kring 1950. Halse hadde trelastlager på Naustdal og bygde m.a. den store treetasjes skulebygningen på Mel på Nordfjordeid som romma barneskule, gymnas og realskule og hadde skulekjøken i kjellaren.

Han var også byggmeister for det kombinerte kommunehuset og skulehuset «Tingvoll» for Fjordane Folkehøgskule som vart reist på Myklebust. Begge desse bygga brann ned på 1970-talet.

Halse bygde elles fleire skulebygg både i Nordfjord og på Sunnmøre, og var byggmeister for ungdomshuset «Fram» i heimbygda Stårheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011