Hopp til innhold
X
Innhald

Historia i Eid

Slik kan det ha sett ut då ein av småkongane vart gravlagd på Myklebust. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Slik kan det ha sett ut då ein av småkongane vart gravlagd på Myklebust. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Fornfunna på Myklebust

I åra frå 600 til 1000 e.Kr.f. låg maktsenteret i Nordfjord på Nordfjordeid. Nokre av dei rikaste fornfunna som er gjorde på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid på 1840-talet.

Stor gravhaug på Reksnes

På ytre Reksnes ligg ei av dei største gravrøysene på Vestlandet, men det vart ikkje funne gjenstandar i røysa då det tidleg på 1900-talet vart grave i den.

Den mystiske steinkrossen på Midthjell

Fram til 1831 stod det ein merkeleg steinkross i fjæra ved eit berg mellom Lefdalsbygda og Midthjell - dei to veslegaste grendene i Eid kommune.

Då hovdinggarden på Naustdal brann

På Naustdal budde det storfolk på Harald Hårfagre si tid. Snorre Sturlason fortel at småkongen Vemund heldt gjestebod med 90 menn på Naustdal då Ragnvald mørejarl kringsette husa og brende fiendane sine inne.

Stårheimsætta med dronning og baglarbisp

Stårheimsætta med sete på Stårheim var ei svært mektig stormannsætt i dei urolege borgarkrigsåra på 1200-talet.

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre - etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre - reiste sørover og la under seg Firdafylke.

Storgardane på Nordfjordeid

Strandstaden Nordfjordeid var i gamal tid dominert av storgardane Myklebust og Gjerde og folket som budde der – særleg av folket på Gjerde. Her ligg framleis det store herskapshuset, løe og husanlegg midt i sentrum av Nordfjordeid slik det gjorde for kring 200 år sidan.

Embetsgarden og kultursenteret Leikvin

Om lag åtte kilometer vest for Nordfjordeid, på Løkja, ligg den gamle sorenskrivargarden Leikvin. I nyare tid har Leikvin vore best kjend som eitt av dei mest aktive og særprega kultursentra i Sogn og Fjordane, drive av kunstnarparet Siv Jørstad og Inge Rotevatn - Leikvin Kultursenter.

Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strandsitjarane

Ved Gjerde grodde det i Hola opp ein liten «landsby», der alle slags handverkarar og småhandlarar slo seg ned.

Oslo-universitet eigde gardar i Eid

Det kongelige Fredriks Universitet vart skipa i Oslo i 1811. I 1826 fekk det som seinare er kjend som Univeristetet i Oslo, skøyte på to gardar på Haugen.

Måtte gjere vendereis frå Stortinget

Lærar og klokkar Lars Kristenson Ous (Os) frå Nordfjordeid må truleg vere den einaste som måtte reise heim att frå Stortinget utan få gjort borgargjerninga si:

Eids almueboksamling

Alt i 1827 fekk Eid si første boksamling.

Skottefurua på Skipenes

På Skibenes stod det fram til 1857 ei diger furu like ved Eidselva. Her, nokre hundre meter opp frå elvosen, var det vanleg at bygdefolket fortøyde jektene sine i den solide furua.

Frå Eidsgata ca. 1920. Det kan sjå ut som om alle er opptekne av den godt lasta bilen som køyrer gjennoim gata. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Frå Eidsgata ca. 1920. Det kan sjå ut som om alle er opptekne av den godt lasta bilen som køyrer gjennoim gata. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Kyrkjebyggjarane frå Eid

Svært mange kyrkjer i Fjordane og på Sunnmøre er bygde av byggmeistrar frå Eid kommune frå 1849.

Prestekjolane frå Holmøyane

Ola Pederson Lindsem opphaveleg frå Skjåk og sonen Per sydde kjolane til prestane i Nordfjord.

Klokkemakarane Nord og Ryst

Erik O. Nord og Henrik H. Ryst gjorde seg kjende som klokkebyggjarar tidleg på 1800-talet.

Kjølsdals-bonde tidleg ute med potetdyrking

Det var oppsiktsvekkjande at ein bonde på Kjølsdalen alt før 1800 dyrka poteter.

Kyrkjestriden mellom Davik og Haus

I tilegg til å få skipa dampskipskai og postopneri på Haus, gjorde Ole A. Haus det til si livsoppgåve i kommunepolitikken på få flytta hovudkyrkja i prestegjeldet og prestegarden frå Davik på sørsida til Haus på nordsida av fjorden.

Myrmennene i Eid

For å oppnå røysterett, var det mange byfolk som skaffa seg ein liten jordlapp ute på landsbygda, slik at dei oppfylte kravet.

I 1920 vart ei stor pengegåve frå utflytte nordfjordingar i Amerika, Nordfjordgåva, overlevert. Mange kom i båt for å vere med på storhendinga. Foto: Isak Hellebust. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

I 1920 vart ei stor pengegåve frå utflytte nordfjordingar i Amerika, Nordfjordgåva, overlevert. Mange kom i båt for å vere med på storhendinga. Foto: Isak Hellebust. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

Nordfjord-gåva

Pengegåve som utvandra nordfjordingar gav heimbygdene i takksemd for ”røtene” der.

Nordfjord kornmagasin

- sjå Nordfjord Sparebank.

Fjordhesten og Nordfjordeid

Den vakre og godlynte fjordhesten har opphavet sitt på Vestlandet, men er no utbreidd over store deler av verda som ein populær sportshest. Les og Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane

Slakteristriden i Nordfjord

Nordfjord Slakteri, eigd av Vestlandske Salslag, vart opna på Nordfjordeid 1964. Men bønder i Indre Nordfjord bygde i protest sitt eige slakteri.

(© Fylkesarkivet)

(© Fylkesarkivet)

Verdas største holaks i Eidselva

Eidselva, som renn frå Hornindalsvatnet til Eidsfjorden, er landskjend for å ha grov og stor laks. I 1944 fiska Martin Hjelle ein av dei største laksane som er registrert fanga med sportsfiskarutstyr i Noreg.

Laksevern i Eid

I Nordfjord er Eidselva, Stryneelva og Oldenelva peika ut som såkalla nasjonale laksevassdrag.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus. Foto: NRK.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus. Foto: NRK.

Helsestellet i Eid

Les m.a. om Nordfjord sjukehus, som i hovudsak vart bygt med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer.

Sjukehusstriden 1967–1972

- sjå Helsestellet i Eid.

Kraftforsyninga i Eid

Eid kommunale elektrisitetsverk bygde kraftverk i Kviafossen øvst i Eidselva i 1915.

Kjølsdal Musikklag, skipa i 1926, er ein del av det rike kulturlivet i Eid. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjølsdal Musikklag, skipa i 1926, er ein del av det rike kulturlivet i Eid. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lag og organisasjonar i Eid

Organisasjonslivet i Eid spenner frå det eldste skyttarlaget i landet til Malakoff Rockfestival.

Rovdyrsoger i Eid

Arbeidsskulestyrar Hans Holmøy er mellom dei som har vore i kamp med bjørnen og kome frå det i live.

Segner frå Eid

Les m.a. om hovdinggrava i Kjølsdalsfjella og om Hornklova.

Ulukker i Eid

Rasulukker har kravd mange liv i Eid, m.a. i 1701, då 14 menneske omkom i Navelsaker.

Kriminalsoger frå Eid

Ein langvarig grensestrid meellom gardane Roti og Bjørlo enda med drap på 1600-talet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.04.2014