Hopp til innhold
X
Innhald

Hovdinggrava i Kjølsdalsfjella

Mellom Kjølsdalen og Vanylven på Sunnmøre ligg eit fjell som kallast Dua. Ei segn fortel at det ein gong skal ha stått eit slag mellom nordfjordingar og sunnmøringar ved dette fjellet.

Forsvunnen skatt

Nordfjord-hovdingen fall under slaget og vart gravlagd på fjellet saman med kostelege skattar. Mange har sidan leita etter grava, men ikkje funne den. Ein mann meinte ein gong at han oppdaga ei stor gravhelle som det lét holt under. Han gjekk til bygds for å hente hjelp, men kunne ikkje finne att staden då han vende tilbake.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011