Hopp til innhold
X
Innhald

Hovuda sette på stake

I Skårhaugstranda nordaust for Nordfjordeid ligg det ein stor stein som vert kalla Håkasteinen.

Her fortel segna at to jenter frå garden Hildenes ein gong vart avretta, og hovuda deira sette på stake på Håkasteinen. Dette skulle vere straffa for at den eine jenta hadde fått eit barn utanom ekteskap og saman med den andre jenta hadde teke livet av barnet. Årstal for denne hendinga er ukjent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2009