Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudsete for IR 10

Store- og lisjeturen

Eksersisplassen på Nordfjordeid var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) fram til 1930, då Nordfjord Bataljon vart lagt under Bømoen på Voss. På bataljonssamlingane kunne det vere samla opptil 1.500 mann frå Sogn og Fjordane og Møre på Nordfjordeid.

Store- og lisjeturen

Bataljonssamlingane vart kalla «storeturen», dei mindre rekruttsamlingane «lisjeturen».

Sjef til hest

Ein særmerkt sjef på slutten av 1800-talet var oberst Holtermann, som alltid mønstra troppene til hest. Han var sjef då Kong Oscar II vitja Nordfjordeid i 1896.

Militær flåteøving på Eidselva tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Militær flåteøving på Eidselva tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011