Hopp til innhold
X
Innhald

Husmorlag finansierte vassverk

Nordfjordeid Husmorlag vart skipa i 1937 av Jenny Osnes.
Laget starta kino i 1939 for m.a. å finansiere bygging av vassverk for tettstaden. Kinoen skulle vise seg å verte svært lønsam: Berre i 1944 gav kinodrifta 16.500 kroner i tilskot til vassverket. Kinodrifta gjekk over til kommunen i 1963.

I 1966 opna laget den første barneparkeringa på Nordfjordeid i den nedlagde skulen på Skipenes.

Nordfjordeid Husmorlag vartlagt ned i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011