Hopp til innhold
X
Innhald

Indremisjonen i Eid

Bedehuset Betania på Nordfjordeid.

Bedehuset Betania på Nordfjordeid.

Nordfjord Fællesforening, det som seinare vart heitande Nordfjord Indremisjon, vart skipa i 1879 med lærar Henrik Stokkenes, Nordfjordeid, som første formann.
Nordfjord krins av sundagsskulen vart skipa av Indremisjonen i 1909. Det mest synberre resultatet av arbeidet til Nordfjord Indremisjon var reisinga av Nordfjord Ungdomsskule (seinare omdøypt til Nordfjord Folkehøgskule) på Vereide i 1923. Ei sentralt kraft i arbeidet med skulen var salmeskalden Mathias Orheim frå Stårheim.

Kaféar og pensjonat

Nordfjord Indremisjon dreiv også fleire kaféar og pensjonat: Torgkaféen i Måløy, Symra kafé i Selje, Firdaheimen på Sandane, Misjonsheimen i Innvik (IMI Hotell) og leirstaden Fjordly ved Bryggja. Fjordly vart bygd i 1973. Bedehuset ”Betania” ved Eidsgata på Nordfjordeid vart bygd av Eid Indremisjon kring 1905.

Samlingsheimen på Stårheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samlingsheimen på Stårheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheims Indremisjonsforening

Ei av dei eldste lokalforeningane i Nordfjord var Stårheims Indremisjonsforening som vart skipa i 1877 og fekk 120 medlemmer frå starten. Ein reknar med at Hans Nielsen Hauge hadde stogga og forkynt på Stårheim ein gong på reisene sine på Vestlandet tidleg på 1800-talet. Hauge reiste då innom Stårheim på reisa si frå Hyen og vidare gjennom Stårheimsdalen til Steinsvik og Volda på Sunnmøre. Stårheim kristlege ungdomslag vart skipa i 1900 og bygde bedehuset «Samlingsheimen» i 1924 m.a. ved hjelp av store pengegåver frå kjøpmann Rasmus D. Halvorsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011