Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Eid

Nordfjordeid har i mange år vore og er framleis eit handelssenter for store delar av Nordfjord, og det meste av handelen har skjedd i Eidsgata. Utviklinga dei siste åra har gjort at Eidsgata ikkje lenger er så sentral. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjordeid har i mange år vore og er framleis eit handelssenter for store delar av Nordfjord, og det meste av handelen har skjedd i Eidsgata. Utviklinga dei siste åra har gjort at Eidsgata ikkje lenger er så sentral. Foto: Ottar Starheim, NRK.

SAMLESIDER: *Fabrikkar og verkstader i Eid *Landhandlar i Eid *Reiselivsbedrifter i Eid

Den eldste handelsverksemda på Nordfjordeid

I 1638 starta truleg den første handelsverksemda på storgarden Gjerde.

Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim

Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter som Hjermand, Giertsen, Frimann, Rochlenge, Vidsteen, Gørbitz og Jung Johan. Det var handel der frå 1726.

Kviafossen

ligg øvst i Eidselva og har sidan 1600-talet vorte nytta til industri.

Kremmar og kyrkjeeigar på Skipenes

I tillegg til Myklebust og Gjerde, var det også handelpå Skipenes.

Sparebanken Vest. Biletet vart teke då banken ei tid heitte Sparebank1 Vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Vest. Biletet vart teke då banken ei tid heitte Sparebank1 Vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Sparebank

vart skipa i 1853 og er ein av dei eldste bankane i fylket.

Sparebanken Vest

- sjå Nordfjord Sparebank.

Anne Ingebrigtsdotter Naustdal

starta saman med ektemaken eit bakeri og ein landhandel i Eidsgata, truleg på 1850-talet. – Sjå Martin Andersen.

Fotografane på Nordfjordeid

Den første var Niels Trost Nielsen som kom frå Ålesund på 1860-talet.

Eid og Stareim Brandassuranceforening

vart skipa i 1873 som det første lokale branntrygdelaget i Sogn og Fjordane som synte seg å vere levedyktig.

Eids Handelslag

vart grunnlagt i 1874. Det heitte i dei første åra Eids Handelsforening.

Rasmus D. Halvorsen

I 1877 starta Rasmus D. Halvorsen landhandel og dampskipsekspedisjon i Stårheimsvik.

Den første butikken til M. Johnsen Eftf. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første butikken til M. Johnsen Eftf. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Peder Johnsen

starta i 1889 urmarkarforretning på Nordfjordeid.

M. Johnsen Eftf.

- sjå Peder Johnsen.

Ivar K. Moen

starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid.

Moengården

- sjå Ivar K. Moen.

Moengården, bygd i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moengården, bygd i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjøllesdal Handelsforening

dreiv frå 1890-talet landhandel, bakeri og telefonstasjon i Kjølsdalen.

Johan H. Kjøllesdal

starta kring 1890 landhandel og bakeri i Kjølsdalen. Han bygde tøystampe, kvern og sag ved elva, og dreiv også sjøbu i Måløy.

Forretningsfamilien Totland

Den føretaksame Totland-familien på Bryggja har ætterøtene sine frå garden Berge i Stårheimsdalen. Gabriel Totland starta som dampskipsekspeditør på Nordfjordeid i 1892.

Totlands Bokhandel

- sjå Forretningsfamilien Totland.

Totland Libris

- sjå Forretningsfamilien Totland.

Hans Myklebust Eftf.

sports- og våpenforretning på Nordfjordeid vart grunnlagt i 1895 av børsemarkar Hans Pederson Myklebust (1774–1940).

Intersport

på Nordfjordeid - sjå Hans Myklebust Eftf..

Andreas K. Henden

starta hattemakarforretning på Nordfjordeid kring 1896.

Lefdals fiskeriselskap

Eitt av pionér-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane.

Kjøllesdals Fiskeriselskab

kjøpte like etter 1900 fiskedampskipet «Skjold». Selskapet vart oppløyst 1911, og sjøbuda i Måløy overteken av kjøpmann Lars P. Lefdal.

Martin Andersen

- på folkemunne kalla Hundvikebakaren - starta som bakar på Nordfjordeid i 1901.

NorDrikk er eitt av selskapa som Lefdal-familien står bak. Bilane til NorDrikk fraktar drikkevarer rundt om i det meste av Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NorDrikk er eitt av selskapa som Lefdal-familien står bak. Bilane til NorDrikk fraktar drikkevarer rundt om i det meste av Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsfamilien Lefdal

Etterkomarane etter hestehandlar Anders O. Lefdal har vist att i forretningslivet både på Nordfjordeid og i Stryn. Mange av forretningsprosjekta har vore dristige nyskapingar – nokre med lønsemd, andre utan.

A.O. Lefdal

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Lefdals Fryseri og Slakteri AS

skipa 1954 – sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Import AS

sjå Forretningsfamilien Lefdal.

NorDrikk AS

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Marine AS

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Marine Stål AS

skipa i 2005- sjå Forretningsfamilien Lefdal og Eid verft.

SD Marine AS

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Marine Bryggen AS

- sjå Forretningsfamilien Lefdal.

P. O. Oos A/S

Nordfjordeid, grunnlagt 1904 av Paul O. Oos. Først ass. landhandel, og sidan jernvare- og byggjevareforretning.

Karl Os Eftf.

vart grunnlagt i 1907 av Karl Os. Han var den første som starta trelasthandel på Nordfjordeid.

I dette huset dreiv Willmann Alsaker bakeri. No er det frisørsalong der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Willmann Alsaker bakeri. No er det frisørsalong der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset der apoteket heldt til frå 1910 til 1960 då det var under bygging i 1910. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Huset der apoteket heldt til frå 1910 til 1960 då det var under bygging i 1910. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Wilmann Alsaker

frå Bergen starta i 1909 bakeri på Nordfjordeid. Han tok då over eit bakeri som onkelen, bakarmeister W. Johannessen, truleg hadde starta ein gong på 1870-talet. Huset brann ned i 1934, og i 1940 bygde Wilmann ein særprega tre-etasjes forretningsgard i mur sentralt i Eidsgata. Etter at bakeriet vart nedlagt, har lokala husa Nords Frisørsalong. Wilmann Alsaker var også ein ivrig amatørmusikar – sjå Eids Orkester.

Apotek

på Nordfjordeid vart skipa i 1909. Det heldt i mange år til i eit hjørnebygg i Hola, like ved Almenningen, eit forretningslokale som seinare vart overteke av Fotograf Bakke.

Eid Ølsamlag

dreiv tidleg på 1900-talet sal av øl frå eit hus ved Eidsgata. Den første IOGT-losjen i Nordfjord, Losje Morgendæmring skipa 1892, hadde ironisk nok nytta det same huset som møtelokale tidlegare. Huset var elles det første forretningslokalet til Eids Handelslag, og den første kaféen på Nordfjordeid som serverte middagsmat, hadde også hatt tilhald i det same huset.

R. Hestenes gullsmedforretning i 1912. Personane på biletet er frå v. Dorthea Kjøsnes, Sofie S. Gimmestad og Rasmus M. Hestenes. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

R. Hestenes gullsmedforretning i 1912. Personane på biletet er frå v. Dorthea Kjøsnes, Sofie S. Gimmestad og Rasmus M. Hestenes. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Rasmus Hestenes

starta gullsmedforretning på Nordfjordeid i 1910. Han bygde forretningshus ved Eidsgata, der sonen Malfinn også starta med radioforretning med reparasjonsverkstad. Butikken har seinare har vorte utvida til elektro- og TV-forretning, og vert driven ev tredje generasjon, Rune Hestenes.

O.K. Osnes

Knut K. Osnes d.e. starta med landhandel og kjøtvarebutikk ved Eidsgata i 1910 og bygde ny forretningsgard med eige slakteri i 1914.

Eids Privatbank A/S

vart grunnlagd i 1911.

DnB NOR ASA

på Nordfjordeid - sjå Eids Privatbank A/S.

Tidlegare Chr. Larsen Bageri & Conditori, seinare Smørdal og Rasmussen Bakeri.  Mannen på kuskesetet skal vere kaptein Nybø på Løkja. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Tidlegare Chr. Larsen Bageri & Conditori, seinare Smørdal og Rasmussen Bakeri. Mannen på kuskesetet skal vere kaptein Nybø på Løkja. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Smørdal og Rasmussen Bakeri

- sjå Rasmussens Hotell.

Helene H. Bjørlo

starta handel med tøyvarer på Nordfjordeid i 1914. Då ho døydde i 1935 heldt ektemaken Ole Dybvik fram ei tid med butikken.

To av forretningsbygga til R. Sunde på Nordfjordeid, det eldste til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

To av forretningsbygga til R. Sunde på Nordfjordeid, det eldste til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsfamilien Sunde

Ingen familie har sett sterkare preg på forretningslivet på Nordfjordeid enn Sunde-familien. Sidan 1917 har Rasmus og Dagny Sunde og sønene Karl, Ove og Finn bygd opp fire store forretningsbygg på fleire tusen kvadratmeter der det vert selt manufaktur, sko, møblar, teppe og målarvarer.

R. Sunde AS

skipa 1917 – sjå Forretningsfamilien Sunde.

Karl Sunde Møbler & Utstyr AS

skipa 1964 – sjå Forretningsfamilien Sunde.

Karl Sunde Fargehandel AS

skipa 1964 – Forretningsfamilien Sunde.

Lagerutsalet AS

skipa 1985 - sjå Forretningsfamilien Sunde.

Skobutikken Sunde AS

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Euro Sko

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Tekstilutsalet

Forretningsfamilien Sunde.

Cubus

– sjå Forretningsfamilien Sunde.

Gruvedraumar på Nes

I 1919 fann Lars Wedvik frå Nordfjordeid koparkis og svovelkis i Raudegjølet i utmarka ovanfor gardane Nes ved Hornindalsvatnet.

Henrik Halse

frå Stårheim starta byggmeisterforretning ca. 1920 og dreiv til kring 1950.

Jakob Nord

starta skysstasjon på Nord ved Hornindalsvatnet i 1919.

O. Nord AS

- sjå Jakob Nord.

Christian Røed

(1886-1968) frå Stårheim starta entreprenørforretning i 1920. Han reiste i 1909 til Winnipeg i Canada der han starta eiga entreprenørforretning. Under 1. verdskrig var han kaptein i den canadiske hæren. Christian Røed bygde m.a. Nordfjord Sjukehus på Nordfjordeid og Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Alf Lillestøl

starta som fiskar og bygde opp stort notbruk og fiskeforretning på Nordfjordeid på 1920-talet.

Arne Manseth

starta i 1923 eit flatbrødbakeri i eit hus i Tverrgata på Nordfjordeid. Maskinen hadde han konstruert sjølv og teke patent på. Han starta dette bakeriet etter å ha vore handelsmann og dampskipsekspeditør på Naustdal i nokre år. – Sjå M. Sture under Landhandlar i Eid.

R.L. Bergset AS

Ragnvald Bergset (1899–1980) grunnla i 1925 saman med broren Olaf manufakturforretninga Brødrene Bergset på Nordfjordeid.

Magnhild L. Englund

starta forretning for manufaktur, saum og keramikk på Nordfjordeid i 1926. I 1946 vart firmanamnet endra til Olav Englund etter ektemaken til Magnhild. Firmaet vart drive vidare av Jetmund og Lars Englund.

Naustdal Auto i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Auto i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Auto A/S

vart grunnlagt i 1930 av Ingebrigt Naustdal.

Naustdal Transport AS

- sjå Naustdal Auto A/S.

Roald Grodås

starta som lastebilsjåfør i heimbygda Hornindal i 1930.

Matias J. Myrold

frå Stårheim starta i 1934 trelasthandel på Norfjordeid. Han var også byggmeister. Trelastlageret til Myrold låg på den gamle eksersisplassen på nordre Osnes, like ved Boalth-garden.

Ivar Nord Mur- og Entreprenørforretning

Grunnlagt 1937 av Ivar Nord. I etterkrigstida var Ivar Nord største entreprenørverksemda i Nordfjord, med kring 200 tilsette på det meste.

Hildenes Gartneri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hildenes Gartneri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hildenes Gartneri

på Nordfjordeid vart skipa i 1937 og er eitt av dei største handelsgartneria i fylket.

Anders Rafshol

starta bakeri på Stårheim 1937, men dreiv berre kort tid, og satsa sidan på frukthandel.

Halfdan Faleide

starta i 1938 fargehandel og drogeri på Nordfjordeid. Før han starta for seg sjølv, var Faleide styrar av Eid Handelslag. Han var også radioforhandlar nokre år.

Halfdan Faleide dreiv fargehandel i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halfdan Faleide dreiv fargehandel i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skaars Gartneri

på Myroldhaug på Nordfjordeid vart starta i 1945 av Samuel (Sam) Skaar. Han var son til fisketilverkar Jon Skaar sr. som dreiv stor fiskebu i Måløy. Skaars Gartneri hadde blomsterbutikk i Eidsgata.

Per A. Haavik grossist- og agenturforretning

vart grunnlagt på Nordfjordeid i 1946. Firmaet var i fleire år den største grossistforretninga i Sogn og Fjordane.

Frislid Herreekvipering

- sjå Frislid Konfeksjon AS.

Hennebygda Fruktlager

- reist av bygdefolket i 1952, vart rekna som eit banebrytande tiltak innan fruktdyrkinga, også i nasjonal målestokk.

Hjelle gartneri

på Stårheim vart starta i 1954 av Mathias Hjelle. Han var også postopnar. Gartneriet var i drift til midt på 1990-talet.

Starheimsvik Kafé

vart starta i 1956 av Bergit Starheimsvik. Ho dreiv ei tid også pensjonat. Kaféen vart lagt ned i 1990.

Eid Bruk AS

byggevareforretning på Nordfjordeid vart skipa av Ingebrigt Lid i 1975. Verksemda har kring 11 tilsette og har sals- og lagerlokale på Langeland.

Norsk Fjordhestsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norsk Fjordhestsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norsk Fjordhestsenter A/S

vart grunnlagt 1984 i privat regi av Anders Lefdal (sjå også Forretningsfamilien Lefdal).

Tunolds Bakeri AS

vart skipa i 1986 av Leif Petter Tunold frå Bryggja.

Moengården

Den første Moengården vart bygd i 1987, den andre i 2005. Sjå Ivar K. Moen.

Nordea Bank held til i forretningsbygget til Oscar Gjerde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordea Bank held til i forretningsbygget til Oscar Gjerde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kreditkassen

starta bankfilial på Nordfjordeid i 1988. Frå 2000 gjekk banken inn i den nordiske storebanken Nordea.

Nordea Bank

på Nordfjordeid - sjå Kreditkassen.

Nordplan AS

plan- og rådgjevingsfirma innan byggjeteknikk og prosjektstyring vart skipa på Nordfjordeid i 1987.

Nordplan Utvikling AS

- sjå Nordplan AS.

Magasinet Kala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magasinet Kala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magasinet Kala Kragseth & Co Ans

vart stifta på Nordfjordeid i 1989 av Agnar Kragseth. Forretninga sel kjøkenustyr, glas og steintøy.

Cirkus Agora A/S

vart grunnlagt i 1989 av den då 25 år gamle Jan-Ketil Smørdal frå Hjelmelandsdalen.

Vinmonopolutsalet på Nordfjordeid har sidan 2005 halde til i Moengården. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vinmonopolutsalet på Nordfjordeid har sidan 2005 halde til i Moengården. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vinmonopolet

opna utsal på Nordfjordeid i 1991. Dette var eitt av dei tre første polutsala i fylket: Dei to andre vart opna same året i Førde og Sogndal. Utsalet på Nordfjordeid heldt fram til 2005 til i dei tidlegare lokala til Eid Forbruksforening ved Almenningen. Ved flyttinga til det nye lokalet i handelshuset Moengården i 2005 vart utsalet lagt om til sjølvbetjening.

Antonsens Jernvarer

vart starta på Nordfjordeid av Roald Antonsen i 1991. Han hadde tidlegare arbeidd på jernvareavdelinga til Eid Forbruksforening, og då avdelinga vart lagd ned, kjøpte Antonsen varelageret og starta eigen butikk.

Ortra AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortra AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortra AS

Transportselskap på Stårheim skipa i 1992 av Håvard Orheim. Han tok då over ei verksemd som faren Sverre Orheim hadde starta i 1952. Ortra har i 2003 13 tilsette og 10 lastebilar.

SpaNo Rekneskap

er eit rekneskapskontor som vart starta av Dag Rygg i 1992. I 2010 hadde selskapet 17 tilsette og ei budsjettert omsetning på 11 mill. kr. Same året vart selskapet kjøpt opp av Økonor Gloppen.

Sentrumsbygget A/S

Forretningsgard på Nordfjordeid bygd i 1995 av Knut Hildenes og familie. Bygget er på 1800 kvadratmeter og inneheld Rema 1000 daglegvareforretning og seks andre forretningar og kontor. I 2011 flytta Rema 1000 til det tidlegare Lidl-bygget ved Sjøgata.

Sentrumbygget, der m.a. Rema 1000 held til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sentrumbygget, der m.a. Rema 1000 held til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000

- sjå Sentrumsbygget A/S ovanfor.

Normatic AS

er ei teknologiverksemd som vart skipa på Nordfjordeid i 1998 av Hans Inge Solheim, Einar Løken m.fl.

Nordfjord Skisenter AS

i Hjelmelandsdalen vart skipa i 2000.

Stokkenes Golfpark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stokkenes Golfpark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stokkenes Golfpark BA

Nordfjord Golfklubb bygde i 2000 nihols golfbane på Stokkenes. - Sjå elles Nordfjord Golfklubb under Idrettslag og -anlegg i Eid.

Sparebanken Sogn og Fjordane

opna i 2001 avdeling på Nordfjordeid. Banken har kontorfellesskap med Gjensidige Forsikring.

Fjordvarme AS

fjernvarmeselskap vart skipa i 2003. Sjå under ”Kraftforsyning”, artikkelen Eid først ute med fjordvarme.

Lidl

- ei stor tysk matvarekjede – opna daglegvarebutikk i eige nybygg på Nordfjordeid hausten 2004, men la ned og selde lokala til Rema 1000 i 2008.

Lidl på Nordfjordeid i 2007. Året etter trekte kjeda seg ut av Noreg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lidl på Nordfjordeid i 2007. Året etter trekte kjeda seg ut av Noreg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nor Marine Motorsport AS

– sjå Forretningsfamilien Lefdal.

Robotlaben AS

vart skipa i 2006 av fleire store produksjonsverksemder i Nordfjord i samarbeid med fylkeskommunen.

Lefdal Gruve Drift AS

I 2009 starta det Vågsøy-baserte selskapet LocalHost AS med planar om å bruke gruvene I Lefdal til datalagring – sjå LocalHost AS under Vågsøy kommune.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.10.2012