Hopp til innhold
X
Innhald

Inge Rotevatn

Inge Rotevatn (1931-2009) fødd i Volda, busett  på Løkja i Eid og seinare i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist.

Inge Rotevatn (1931-2009) fødd i Volda, busett på Løkja i Eid og seinare i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist.

Skrivargarden Leikvin

Rotevatn tok i 1974 over den freda, med forfalne sorenskrivargarden «Leikvin» på Løkja saman med ektemaken Siv Jørstad. Eigar var då Eid kommune. Dei to la ned eit stort arbeid ved restaurering av den store trebygningen frå 1700-talet på i alt 600 kvadratmeter.

Leikvin Kultursenter

Frå 1976 og i 20 år dreiv ekteparet Jørstad/Rotevatn Leikvin Kultursenter i bygningen med kunstutstillingar, konsertar o.s.b. I den gamle fjøsbygningen vart det seinare opna eit muséum for jordbruksreiskapar.

Prisløna

Ekteparet har fått Fylkeskulturprisen i 1982 og Eid kommune sin kulturpris for arbeidet sitt på Skrivargarden Leikvin.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011