Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar K. Moen

Forretninga som Moen bygde i 1908. Foto: Ottar Starheim, NRK

Forretninga som Moen bygde i 1908. Foto: Ottar Starheim, NRK

Ivar K. Moen starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid.

Etter nokre år i leigde lokale, bygde han i 1908 ein staseleg forretningard i nordre Eidsgata.

På 1950-talet overtok sonen Knut og kona Margit Moen drifta, og i 1975 tok deira son Ivar Moen over. I 1987 bygde han og broren Bjørn Kåre Moen Moengården, som med 3000 kvadratmeter hyser 11 forretningar og fire verksemder med kontor i bygget. Sjølv driv Ivar gardin- og utstyrsforretning i bygget. Fasaden på bygget frå 1908 er teken vare på mot Eidsgata.

I 2005 opna Moen eit nytt handelssenter - Moengården - på ei fylling mot fjorden like vest for den andre bygningen. Det nye senteret er 5000 kvadratmeter og inneheld 20 butikkar.

I 2013 overtok kjeda Amfi drifta av Moengården.

Den første Moengården stod klar i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første Moengården stod klar i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den andre Moengården, bygd i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den andre Moengården, bygd i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.01.2013