Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Nord Mur- og Entreprenørforretning

Gloppen heradshus er mellom bygningane Ivar Nord har reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen heradshus er mellom bygningane Ivar Nord har reist. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ivar Nord Mur- og Entreprenørforretning, Nordfjordeid, grunnlagt 1937 av Ivar Nord.

I etterkrigstida var Ivar Nord største entreprenørverksemda i Nordfjord, med kring 200 tilsette på det meste. Kjende byggjeoppdrag for firmaet var m.a. Nord-Vågsøy kyrkje, Straumshamn kyrkje, heradshuset på Sandane, Selje Skjortefabrikk, og mange av fryseria i Måløy frå sildeåra på 1950-talet. Firmaet dreiv også sementvarefabrikk og sandtak. Avvikla 1975.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011