Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Martin Frislid

Jan Martin Frislid fødd 1946 frå Nordfjordeid. Fabrikkeigar.

Tok over leiinga av Frislid Konfeksjonsfabrikk i 1975 etter faren Alf Frislid. Verksemda har hatt opptil 85 tilsette. Frislid selde i 2000 verksemda i Øyane til det finske selskapet Turo Tailor, men har sidan drive ei avdeling for bunadproduksjon i dei gamle fabrikklokala ved Eidsgata.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011