Hopp til innhold
X
Innhald

Johan H. Kjøllesdal

Rasmus J. Sundal bygde dette huset i 1950, og det var i bruk til landhandel til kring 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rasmus J. Sundal bygde dette huset i 1950, og det var i bruk til landhandel til kring 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan H. Kjøllesdal starta kring 1890 landhandel og bakeri i Kjølsdalen. Han bygde tøystampe, kvern og sag ved elva, og dreiv også sjøbu i Måløy.

Enkja Søgni tok over då Johan døydde 47 år gamal. Ho var i tillegg jordmor i Davik kommune. Sonen Hilmar tok seinare over butikken, bygde kai og vart dampskipsekspeditør. Han var også postopnar.

I 1911 leigde dei ut butikken til Hans B. Thune. I 1922 tok ektemaken til Hilmar si syster, Rasmus J. Sundal, over landhandelen. Sundal køyrde drosje i tillegg, og bygde ny forretning på 1950-talet. Butikken vart lagt ned kring 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011