Hopp til innhold
X
Innhald

John Bjarne Hjelmeland

John Bjarne Hjelmeland

John Bjarne Hjelmeland

John Bjarne Hjelmeland fødd 1939 i Hjelmelandsdalen i Eid, busett i Førde. LO-sekretær og Arbeidarparti-politikar.

Arbeidde som bygningsarbeidar og i møbelindustrien på Sunnmøre, og sat i landsstyret i Norsk Treindustriarbeider-forbund 1970-1977. Medlem av Ålesund bystyre 1968-1977, og Møre og Romsdal fylkesting 1975-1977. Leiar av Ålesund Arbeiderparti 1975–1976.

Tilsett som den første distriktssekretæren for LO i Sogn og Fjordane 1976-2004, og leiar av arbeidarakivet i Sogn og Fjordane frå starten i 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.03.2008