Hopp til innhold
X
Innhald

John Myklebust

John Myklebust (1861-1937). Bonde, forretningsmann, offiser og politikar. Krigskommissær frå 1917 til 1931 – og på folkemunne kalla ”Krigsen”.

Utdanna ved Fjordane Amtsskule, Maribogaden Middelskole i Oslo og tok examen artium i 1883. Eksamen frå Krigsskulen i 1887. Tenestegjorde som offiser ved Sogns Bataljon i Vik fram til 1888, då han vart overført til Nordfjord og Søndmørs Regiment med øvingsstad på Nordfjordeid. Han vart premierløytnant i 1889 og kaptein og kompanisjef i Fjordenes Bataljon i 1895. I 1917 utnemnd til major og krigskommissær for Nord-Vestlandet i 1918. Han søkte avskil som offiser i 1931.

Ordførar og stortingsmann

John Myklebust var ordførar i Eid 1898-1916, og stortingsmann 1910-1912 for Venstre. Han fungerte også som ordførar 1922-1923. Myklebust spela hovudrolla då Venstre-folk i Nordfjord i 1925 braut ut og stilte eiga liste ved stortingsvalet. Mange meinte det var ille at ”Krigsen” ikkje hadde fått plass på venstrelista, og førde han på topp på ei eiga venstreliste for Nordfjord. Lista fekk 1578 røyster – langt unna mandat.

Bygde opp Nordfjordeid som skulestad

I Eid vart John Myklebust ein av dei store samfunnsentreprenørane: Den uvanleg initiativrike mannen fekk i 1891 skipa Eid Middelsskole (seinare realskule) og var styrar sjølv til 1918. Han fekk bygd kombinert kommunehus og skulehus for Fjordane Fylkesskule 1900, og var ein sentral initiativtakar til at Eids Gymnas vart skipa i 1922. Det vert sagt at John Myklebust hadde onkelen Hans Holmøy, som starta Holmøy Arbeidsskule i 1858, som føredøme i arbeidet med å byggje opp Nordfjordeid som skulestad.

Dampskipskai og vegar

John Myklebust fekk bygd ny dampskipskai på Nordfjordeid og ei mengd nye vegar kringom i kommunen. Han fekk sett i stand Eid kyrkje og fekk den landskjende kunstnaren Lars Kinsarvik til å dekorere den innvendig.

Skipa privatbank

Saman med kjøpmann H.D. Aasebø skipa han Eids Privatbank A/S i 1911 og var banksjef der til han døydde i 1937. Myklebust var drivkrafta då Eid Elektrisitetsverk bygde kraftverk i Kviefossen i Eidselva i 1914. Det vekte stor harme mellom grunneigarane då kommunen for første gong nytta oreigning for å sikre seg falla i Kviefossen. Fleire av dei møtte opp heime hjå Myklebust for å ”ta” han etter denne hendinga, men Myklebust kom seg unna.

Sentral i sjukehusbygginga

Då millionæren William Henry Singer jr. i Olden gav 100.000 kroner til sjukehus i Nordfjord i 1930, spela John Myklebust ei sentral rolle for å få sjukehuset bygt i Prestemarka på Nordfjordeid. På fylkesplan var Myklebust m.a. medlem av amtsutvalet og direksjonsmedlem i Ålfot interkommunale kraftselskap.

Redaktør

I tillegg til politiske gjeremål fekk John Myklebust også tid til å vere redaktør for Fjordabladet i to år frå 1892 til 1894 og var styremedlem i avisa til 1934. Han fekk tildelt Borgardådsmedaljen i sølv i 1931.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011