Hopp til innhold
X
Innhald

John Olav Lefdal

John Olav Lefdal fødd 1964 på Nordfjordeid, busett i Stryn. Forretningsmann og investor.

Har saman med faren Aslak Lefdal bygd opp og drive LefdalGruppen AS som m.a. bygde opp selskapa NorDrikk AS, Nor Marine AS og Nor Marine Motorsport AS i Stryn. I 2004 kjøpte selskapet Lefdal Eigedom AS det nedlagde VS-slakteriet på Nordfjordeid, og dotterselskapa NorDrikk AS og Nor Marine flytta verksemda dit. Saman med andre investorar kjøpte John Olav Lefdal det tidlegare Eid verft på Løkjaneset i 2005 for å drive stålproduksjon for skipsindustrien.

Sjå elles:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2011