Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Herman Vogt

Jørgen Herman Vogt (1774-1862) frå Bragernes, busett m.a. på Nordfjordeid. Sorenskrivar, departementsråd og statsråd.

Sorenskrivar i Nordfjord

Overtok som sorenskrivar i Nordfjord i 1809 etter far sin, Niels Nielsen Vogt. Budde dei første åra som sorenskrivar på Tyvoll-garden på Nordfjordeid - sjå: Embetsgarden og kultursenteret Leikvin, men flytta seinare til Apalset i Gloppen - sjå: Vereide og Apalset.

Vart assessor i Finansdepartementet i København i 1813, og vart der leiar for «Nordmannsforeningen» som støtta dei som arbeidde for sjølstende i heimlandet Noreg. I 1814 vart han leiande embetsmann i det nye, norske Finansdepartementet.

På kant med kongen

Vogt rauk uklar med kong Carl Johan etter at han i 1815 vart ein av utgjevarane av avisa «Den norske Rigstidende». I denne avisa kritiserte Vogt same året ei ny kongeleg ordning for korleis det norske orlogsflagget skulle sjå ut. Sjølv om Vogt sin nære ven, grev Herman Wedel Jarlsberg, freista å mekle, måtte Vogt trekkje seg ut av avisarbeidet. Etter denne affæren mista han elles eit statleg ombod som forhandlar med Danmark, og vart hindra i vidare avansement i statsapparatet. Likevel vart den svært gåverike Vogt i 1822 utnemnd til leiar for regjeringsavdelinga som den svensk-norske kongen hadde i Christiania (Oslo).

Arbeidde for lokalt sjølvstyre

I åra frå 1818 til 1830 var Jørgen Herman Vogt den drivande krafta i Stortinget sin lovkomité, der han arbeidde for innføring av lokalt sjølvstyre i Noreg.

Utnemnd til statråd

Vogt var utnemnd til statsråd i 1825, først som forsvarsminister, og frå 1926 til 1927 som justisminister. I 1827 var han tilrådd som høgsterettsjustitiarius, men kongen utnemnde i staden Christian Magnus Falsen. Då Falsen døydde i 1830, vart Vogt bydd embetet som justitiarius, men avslo.

Frå 1827 til 1828 var Vogt medlem av statsrådavdelinga i Stockholm, visstnok etter motstand frå kong Carl Johan, som framleis vurderte Vogt som lite kongetru.

Utarbeidde kriminallov

I åra fram til 1842 leia Vogt arbeidet med utarbeiding av ei norsk kriminallov. Mellom talrike andre verv var han frå 1828 medlem av Det kongelege norske Videnskabers Selskap i Trondheim og preses for Selskabet for Norges Vel frå 1833 til han døydde.

Skipa bankar

I 1822 var han ein av skiparane av den første sparebanken i Noreg, Christiania Sparebank. Seinare var han medskipar av Den Norske Livrenteforening i 1844 og Christiania Bank- og Creditkasse i 1848.

Finansminister for Jarlsberg

Då grev Herman Wedel Jarlsberg vart norsk stathaldar i 1836, valde han den nære venen Jørgen Herman Vogt som finansminister. Vogt sat deretter samanhengande i regjeringa i 22 år, først som finansminister fram til 1846, deretter minister i Stockholm, og dessutan både som kyrkjeminister og revisjons- og justisminister. Frå 1856 til 1858 var Vogt såkalla førstestatsråd.

Konservativ og intellektuell

Vogt var ein utprega konservativ politikar, og kjend for eit glitrande intellekt. Han var prinsippfast og kompromisslaus, også i saker som dreia seg om grensene mellom den lovgjevande makta i Stortinget og den utøvande kongemakta. Dette førte til at Stortinget i 1845 reiste riksrettsak mot Vogt etter at han hadde nekta sanksjon av nokre vedtak som Stortinget hadde gjort i ei par saker om tollinntekter og tollsatsar. Vogt vart samrøystes frifunnen.

Fekk mange motstandarar

I åra som fylgde, vart Vogt ein av dei sterkaste forsvarane den utøvande makta og embetsverket sin posisjon i høve til Stortinget, der han fekk mange arge motstandarar mellom bonderepresentantane. I eit notat som han etterlet seg, går det fram at han ville kartleggje verksemda til politisk opposisjonelle og om naudsynt bruke politi mot dei, slik det m.a. vart gjort mot Thrane-rørsla i 1851 - sjå: Thrane-rørsla og Lærdal. Han gjekk også imot å oppheve «konventikkelplakaten» som sette forbod for at andre enn prestar kunne forkynne, og som m.a. Hans Nielsen Hauge vart dømt etter.

Engasjert i skandinavismen

Etter krigen mellom Danmark og Tyskland 1848-1850 engasjerte Vogt seg sterkt i skandinavismen som arbeidde for sterkare band mellom dei nordiske landa.

Fekk avskjed som 74-åring

I sine siste år som statsråd kom Vogt i mange saker til å stå i opposisjon til den svensk-norske kongemakta. Då han i 1858 kritiserte kongen for einvist å utnemne norske militære utan å ta omsyn til innstillinga frå Stortinget, fekk han avskjed i ein alder av 74 år.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.03.2008