Hopp til innhold
X
Innhald

Karin Benedikte Berg

Karen Benedikte Berg (1897-1991), frå Helgeroa ved Larvik, busett på Nordfjordeid. Forfattar og journalist. Gift med gymnasrektor Andreas Berg og kom til Nordfjordeid frå journaliststilling i Minneapolis i USA i 1925.

Ho gav i 1942 ut romanen «Familien får sjokk», «Glory, Glory» (1948) og dessutan romanen «Sara». Tre skodespel er gjevne ut i bokform: «På Eik» (1931), «Lovovertredere» (1949) og «Hva skal vi gjøre mor?» (1952).

På Nordfjordeid var Karen Benedikte Berg fast forfattar og instruktør av elevteater og russerevyar i kring 40 år. M.a. sette teatret opp stykke av Shakespeare, Ibsen og Bjørnson.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011